Gyrobekjemping i Driva

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LeserbrevEg ser av lokalavisa at Miljødirektoratet (Md) har vore på Gjøra og mellom anna snakka om bekjemping av gyro. Dette er skreve med utgangspunkt at omtalen i avisa (Aura Avis) er rett, da eg sjøl ikkje var til stades.

Jarle Steinkjer frå Md har der gått hardt ut («tordentale») mot dei som måtte vera skeptisk eller vil stille kritiske spørsmål til kampen som har blitt ført mot gyro frå direktoratets side. «Det går ikke an å si at vi ikke har lykkes» blir det sagt, for dei alle fleste vassdraga er friskmeldt og fleire venter på å bli det. Det kjem ikkje fram av omtalen om kor store vassdrag det her er snakk om, kanskje kunne det vore interessant å bli informert om kom mykje vatn (m) som det har lykkast å behandle like så mykje som talet på vassdrag? At somme vassdrag har blitt behandla gong på gong ser heller ikkje ut til å ha blitt nemnt.

Md legg pengar på bordet for å stø opp om næringsutviklinga i kretsen ved at det blir opprette eit infosenter om gyrobekjempelsen. Vel og bra, men anar vi her riset bak speilet når det seiest at da må alle trekkje i same retning? Det er vel ikkje til å undrast over at det ikkje vart nokre kritiske spørsmål etter det? Det er sikkert rett at det er verdiskaping for bygda i å få tilbake laksen, men kan det forsvarast dersom det er rett at det aktuelle stoffet (rotenon) er akutt giftig og kan bidra til sjukdomar som Alzheimer?

Tykkjer Steinkjer og andre  gyrobekjemparar at det er underleg eller utidig at folk er urolege og stiller kritiske spørsmål når slikt kjem fram? Det vatnet som flest sunndalingar blir forsynt med som  grunnvatn, kjem for den største delen frå elva, og det blir da litt foruroligande at den viktigaste kjelda til drikkevatn blir tilført stoff som kan ha slike bivirkningar.

Så eg spør da, som eg har vett til rimelegvis, og håpar at det ikkje går ut over næringsutviklinga eller verdiskapinga i det som var heimkretsen min: Meiner de som representerer Miljødirektoratet at vi ikkje skal vera bekymra for miljøet vårt når de drep ned økosystem i elva vår med gift? Meiner de at vi bør sitta der som umælande vesen og ta i mot det som blir bestemt over hauet på oss utan ein gong å stille desse spørsmåla?

Grøa 23.11.2015.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags