Eit budsjett for auka skilnader i helse

Kjersti Toppe, Senterpartiet.

Kjersti Toppe, Senterpartiet. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserbrevRegjeringa sitt forslag til statsbudsjett som finansminister Siv Jensen la fram for Stortinget 12.oktober, er eit forslag for auka skilnader i helse i Norge. Det er eit statsbudsjett som nedprioriterer folkehelse, som vidarefører effektiviseringskravet til sjukehusa våre og er eit budsjett som inneber ei mangelfull satsing på kommunehelsetenesta.

Regjeringa vidarefører sin politikk der viktige folkehelsesatsingar er kutta. Budsjettet tek ikkje inn over seg at førebygging av dei store folkesjukdommane er jobb nummer ein. Forslag til budsjett manglar ein folkehelseprofil. Det er beklageleg. Regjeringa opprettheld kuttet av gratis frukt og grønt for elevar og satsar ikkje på meir fysisk aktivitet eller måltid i skulen.

Senterpartiet fryktar at regjeringa sitt forslag til sjukehusbudsjett fører til kutt i pasienttilbod. Det kan føre til meir sentralisering av viktige tenester og beredskap. Sjukehusa må i 2018 innfri harde effektiviseringskrav. Sjukehusa har no store investeringsbehov, og må i tillegg spare opp eigne midlar for å sikre eigenkapital til investeringar og nybygg. Dessutan må sjukehusa finansiere kostnadane til nye, dyre legemiddel, og betale private tilbydarar i ordninga fritt behandlingsval.

Regjeringa varslar at den vil vidareføre «den gylne regel», som betyr eit krav om høgare vekst i sjukehusa sitt rus- og psykiatritilbod enn i somatikk. Problemet er at denne regelen ikkje virkar. Ifølgje Helse- og omsorgsdepartementet har regelen ikkje ført til meir vekst, men mindre vekst i psykisk helsevern i 2017.

Statsbudsjettet byggjer ikkje opp under Samhandlingsreforma. Ein føresetnad for den var at størstedelen av veksten i helsebudsjettet skal skje i kommunane. Dei siste årene har kommunane tatt over oppgåver og pasientar frå sjukehus, utan at pengar har følgt med. Senterpartiet etterlyser difor ei tydelegare satsing på kommunehelsetenesta, inkludert sjukeheim, dagaktivitetsplassar og pårørande sin situasjon. Det er store rekrutteringsutfordringar i fastlegeordningaSenterpartiet etterlyser ei særskild satsing på dette i budsjettet for 2018.

Regjeringa kuttar i tilskot til å rehabilitere sjukeheimar. Dei held fram innføring av ordning der kommunane frå 2021 ikkje får tilskot til å oppgradere og rehabilitere sjukeheimar, men berre får støtte til å bygge nye plassar. Dette er håplaust for alle dei kommunane som har store behov for å oppgradere og rehabilitere dei sjukeheimsplassane dei allereie har.

Regjeringa tek ikkje grep for styrke tilbodet om dagaktivitetsplassar. Tilskotssatsen vert ikkje auka. Over 10.000 heimebuande eldre med demens står i dag i kø for ein dagaktivitetsplass. At regjeringa ikkje vil gjere meir for å byggje ut slike tilbod, er dårleg omsorgspolitikk. Dei som står utan eit tilbod blir sjukare og meir utrygge, og presset på pårørande og på dei øvrige tenestene blir større.

Budsjettforslaget er ikkje eit løft for kronikargruppene. 300 millionar kroner  i kommunane sine frie inntekter skal gå til opptrappingsplanen for rusfeltet. Men dette er ikkje ei reell satsing. Senterpartiet etterlyser i tillegg satsing på psykisk helsearbeid i kommunane med øyremerka midlar. I budsjett i fjor blei det fremma ein opptrappingsplan for rehabilitering, som fekk sterk kritikk for å vere finansiert av auka eigenandelar og ikkje å vere konkret nok. Regjeringa har ikkje lytta til kritikken, og rehabiliteringsfeltet i kommunane er ikkje løfta med dette budsjettet.

Regjeringa er ei mindretalsregjering. Senterpartiet vil jobbe for nye grep og friske pengar i statsbudsjettet for å styrke rehabiliterings, rus – og psykiatrifeltet, både i sjukehus og i kommunane. Vi gikk til val på å sikre tenester nær folk. Det betyr eit trygt sjukehustilbod og ei sterk kommunehelseteneste, og folkehelse for alle.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags