«Udgivelse af Bøger på Norsk, enten Landsmaal eller Bygdemaal»

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Leserbrev24. mars er dagen då det i år for 150 år sidan gjennom Aa.O.Vinjes blad «Dølen» var kalla saman til stiftingsmøte for «Det norske samlaget.» i Kristiania. Vel 60 personar møtte opp. «Det norske samlaget» kjenner vi i dag først og fremst som det dominerande nynorskforlaget.

Frå starten var «Det norske samlaget» eit litteraturselskap av engasjerte borgarar som ville at «Samlagets Formaal er at fremme Udgivelse af Bøger på Norsk, enten Landsmaal eller Bygdemaal.» Betalande medlemmer fekk dei bøkene laget gav ut, og Samlaget var såleis den første bokklubben» i landet.

I dag verkar det som eit nokså urealistisk prosjekt i 1868 å starte med «Det norske samlaget». Det var jo då berre 15 år sidan Ivar Aasen hadde laga ei norm for landsmålet, og litteratur på landsmål fanst det svært lite av. Dei personane som først og fremst er rekna som initiativtakarane, var to prestesøner. Det var

a) Hagbart Emanuel Berner (1839-1920), presteson fødd i Sunndal, cand.jur, som frå 1869 vart første redaktør av «Dagbladet», og etter kvart stortingsmann og borgarmeister i Oslo, med stort engasjement og organisasjonstalent, og ein føregangsmann i det norske organisasjons-samfunnet. Han var også med blant stiftarane og den første leiaren i Norsk Kvinnesaksforening.(1884). H.E. Berner var leiar av Det norske Samlaget 1868-1877.

b) Hans Ross (1833-1914), som var presteson frå Mandal i Vest-Agder, var utdanna teolog, men arbeidde som dialekt- og språkforskar og ordbokredaktør, og som ein vidareførar av Ivar Aasens arbeid, men med ein annan sosial og språkgeografisk bakgrunn. Han var ein stor nynorskforkjempar og vart statsstipendiat i 1877.

Før 1868 var det alt stifta mållag både i Kristiania og i Bergen, og også i Trondheim var det på 1850-talet «målmenn» som markerte seg, og det vart gjort forsøk i 1862 på å danne eit mållag der. Det eksisterte ei tid, men sovna av nokså fort.

Arbeidet med nasjonal språkreising var ikkje på 1800-talet noko spesielt norsk. Arbeidet høyrde saman med romantikken og nasjonalromantikken, og i Tyskland var t.d. Grimm-brørne sentrale personar som språkforskarar og eventyrsamlarar. Liknande arbeid som i Noreg gjekk og føre seg på Island, i Finland, i Flandern, og i Slovakia.  Kampen for politisk frigjering frå Danmark i 1814 og framover mot unionsoppløysinga frå Sverige i 1905, hadde også ei kulturell og språkleg side. Det var ikkje nok å snakke om «Modersmålet» så lenge det var dansk som vart brukt til dømes i skolen - slik enkelte prøvde på ei tid. Det var eit kjenneteikn ved ein sjølvstendig stat at det hadde eit eige nasjonalt språk. Dei som rekna seg som nasjonale og demokratiske, var positive til landsmålet, sjølv om ikkje alle ville gå over til å bruke landsmål. Som kjent var det to vegar: gradvis fornorsking av dansken (jf Knud Knudsen og andre) – eller eit nytt «landsmål» utvikla «på norsk folkemåls grunn.» (jf Ivar Aasen)

Det norske Samlaget sine boklister frå dei første tiåra er ikkje imponerande. Men Samlaget hadde alt etter eit år svært stor suksess med eit tynt lite hefte med «Nokre Salmar» av Elias Blix, som over 200 000 personar skaffa seg. Eller som det heiter i ei samtidig vurdering:       «Skal Maalsagen vinde Indgang hos den store Mængde af Folket, maa der naturligvis  først og fremst tænkes paa Bøger af den Slags, som mest læses, og det er gudelige Bøger.»

Samlaget fekk elles sine første statstilskott til bokprosjekt i 1881, og får i dag eit fast tilskott som utgjer rundt 7 % av inntektene. Forlaget hadde lenge ei stor skolebokavdeling, men den vart i 2012 selt ut. Forlaget har elles tradisjon for å ha gode barnebøker, og to dei mest suksessfulle barnebokforfattarane der i dag, er vel Kari Stai fra Inderøy og Maria Parr frå Vanylven. Kjente skjønnlitterære forfattarar som gir ut bøker på Samlaget, er Kjartan Fløgstad, Olaug Nilsen og Jon Fosse, og m.a. sakprosa-forfattarar som Marit Eikemo og Svein Sæter. Forlaget har og hatt stor suksess med enkelte oversette bøker, og den mest kjente dei siste åra er vel den italienske Elena Ferrante, oversett av Kristin Sørsdal. For mange av oss, vart tidsskriftet «Syn og Segn», stifta i 1894, ei viktig kjelde både til kontakt med Det norske Samlaget, og til kunnskap om kultur, politikk og samfunn.

Til slutt må det understrekast at det opp gjennom åra også har vore andre forlag som har vore viktig for nynorsk bokproduksjon. Min eigen morfar, Olav Gullvåg, som var ein nokså standhaftig nynorskforkjempar, gav ut bøkene sine på fleire nynorskforlag, som Gula Tidends Forlag, Erik Gunleiksons Forlag, og Noregs Boklag. Men aller viktigast for han – og svært mange andre nynorskforfattarar, vart Oslo-guten Olaf Norli og hans forlag. Olaf Norli gav ut bøker både på nynorsk og bokmål, men gjerne flest mogleg nynorskforfattarar. Og her fekk dei gitt ut sine bøker, m.a. Jens Tvedt, Anders Hovden, Rasmus Løland, Tore Ørjasæter, Ragnvald Vaage og Olav Duun. Men Norlis Forlag eksisterer ikkje lenger, men er frå 1976 integrert i eit Aschehoug-konglomerat. Problemet med slik omorganisering er at forlaget då ikkje er så flink til å ta vare på historia om forfattarane, markere jubileum, sørge for nyutgjevingar etc.

Men for nynorsk bokproduksjon er det samtidig sjølvsagt eit pluss at det i dag blir gitt ut nynorske bøker på fleire forlag. Den største og mestseljande nynorskforfattaren i dag, Edvard Hoem, gir t.d. ut bøkene sine på Oktober Forlag, som også har blitt eit datterselskap av Aschehoug.

Den nynorske bokhistoria får vi sikkert høyre meir om no framover, når Det norske Samlaget feirar 150 år 24.mars, mellom anna med ei stor Nynorsk litteraturhistorie, forfatta av professor Jan Inge Sørbø ved Høgskulen i Volda. Folkebiblioteka og mållaga er og inviterte til ein «Nynorsk lesefest», heiter det i informasjon på nettet. Vi som er positive til målrørsla, vil sjølvsagt vere interessert i at Det norske Samlaget og nynorsk bokproduksjon greier å markere seg positivt i samfunnet i jubileumsåret.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags