Språkpolitikk i KrF

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeserbrevDet var overraskande å lese at leiarane i mållaga Romsdal, Sunnmøre og Nordmøre gløymde å skrive om KrF sin målpolitikk i sitt lesarinnlegg i Tidens Krav 8. september. Særleg etter at Noregs Mållag sendte ut ei pressemelding der dei roste KrF sine språkvedtak rett etter KrF sitt landsmøte i vår med tittelen «Gode vedtak frå landsmøtet til KrF». Det er ei stor glede som medlem i mållaget og 4. stortingslistekandidat for KrF at eg her vil presentere litt av KrF sin språkpolitikk.

Vi har to jamstilte språk i landet vårt, og då er det veldig viktig for KrF at dette òg skjer i praksis. Då må begge målformene bli lært på skulen. Undervisinga i sidemål må halde fram for å sikre at vi har to likestilte målformer også framover. KrF meiner elevane må bli introdusert for sidemål tidlegare i skuleløpet enn det som er tilfelle i dag. KrF vil sikre to likestilte målformer gjennom undervising og vurdering.

KrF vil syte for at lærarutdanninga gir god kompetanse både i bokmål og nynorsk, slik at lærarar kan vere gode ambassadørar for bredda i norsk skriftsspråk. Det er ikkje berre i skulen sidemål og hovudmål er viktig, det er òg viktig at elevar ser begge skriftsspråk ute i samfunnet. Difor vil KrF verne og styrke norsk språk generelt og nynorsk skriftkultur spesielt, og oppretthalde krav om bruk av nynorsk i media.

I tillegg til nynorsk og bokmål jobbar KrF for at Stortinget må ha som mål – i samarbeid med Sametinget – å styrke samiske språk og at samiske språk blir ein naturleg del av den norske offentlegheita. Det samiske folket må få reell rett til opplæring i og på samisk. Dette vil gi samiske barn og unge ein sterk samisk identitet og tilknyting til samisk språk og kultur. KrF vil gje støtte til vidareutvikling av eit felles nordisk ressurssenter for samiske språk.

I Møre og Romsdal er KrF si valbrosjyre på nynorsk. Vi er glade for at denne brosjyren som er fylt med god politikk og eit vakkert språk blir lest over heile fylket, og vi inviterer alle til å lese om KrF sin gode politikk på mange fleire område. Det er god språkpolitikk. Godt val!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags