Språket i Hustadvika kommune

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserbrevI arbeidet med felles identitets- og kulturbygging, kan det sjå ut til at det viktigaste identitetsmerket blir gløymt: språket. Den nye og dei gamle bygde- og kommunesongane bør minne oss på kvar landet ligg. Dei er mest alle på nynorsk eller dialekt. Eidesongen frå einaste bokmålskommunen i Møre og Romsdal – er på nynorsk. Korleis har dette seg?

Talemålet i heile Hustadvika kommune gir eit solid grunnlag for nynorsk skriftmål. Fræna har ein nær hundreårig tradisjon som nynorsk-kommune. Eide har óg hatt nynorsk i skulen. I Fræna har mange nynorskopplæring skulen, i dag cirka 50 prosent av elevane. 42,5 prosent av freningane krev skattemeldinga (sjølvmeldinga) si på nynorsk. Nynorsk er nærmast einerådande som litteraturspråk blant forfattarane frå kommunane. Og kven er dei: Edvard Hoem, Lars Petter Sveen, Øystein Hauge, Anne Lise Vatne og ei rad sakprosaforfattar som t.d. Lars Aarønæs og Helge Sandøy. I tillegg kjem flittige lokale skribentar i sogelagsskrifter. Innføringa av nynorsk i skule og lokalstyre var i si tid ein del av demokratiseringa av bygdesamfunna. Og var med og frigjorde kulturell skaparkraft.

Dialektane og nynorsken har hatt og har sterke motkrefter i eit elles bokmålsdominert storsamfunn. Presse og næringsliv har i liten grad vore på nynorsken si side i vårt område. Men det rår opnare og meir fordomsfrie holdningar i dag enn tidlegare. Også til å ta i bruk nynorsk og argumentere for det valet.

Eide og Fræna: Politikarane og administrasjonen i Eide og Fræna har eit klart ansvar for å gje nynorsk språk gode vilkår: Skuleelevane må sjå språket sitt ikring seg. Innbyggarane må oppleve språket sitt verdsett og brukt. Opplæringa internt må vere på plass. Klart språk og god nynorsk går hand i hand – det er velkjent.

Eide og Fræna Mållag vil ta initiativ overfor fellesnemnda, administrasjonen og dei folkevalde i dei to kommunane til å halde eit temamøte om språk med kunnige fagfolk på talemål, skriftspråk og språkhistorie i vårt område. Dei finst og kommunane og nykommunen vil gjere seg sjølv rikare og betre ved å ta dette på alvor. Vidare må dette munne ut i ein språkbruksplan med retningslinjer for klarspråk og rettferdig språkpraksis i ein tospråkleg kommune.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags