Sidemål i skulen – styrk, ikkje stryk!

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserbrevDen 18. april hadde Kristiansund og omland Unge Høgre eit lesarinnlegg i Tidens Krav som handla om nynorsk som sidemål. Her kjem dei med mange påstandar, men få er forankra i røynda. Det Unge Høgre må forstå er at nynorsk er eit bruksspråk for heile landet. Dei kan heller ikkje skjula forsøket på å undergrava denne statusen med vag og til tider sjølvmotseiande retorikk.

I lesarinnlegget hostar dei opp ein påstand om at sidemålsundervisninga er eit onde, fordi det et opp tida til andre fag. Dessutan påstår dei at me i dag lærer to nesten identiske versjonar av norsk. Alt dette kokar dei saman til ei suppe, som vert servert til slutt med konklusjonen at det bør bli valfritt sidemål på skular i heile landet.

For å ta det første først: premisset om at læring av hovudmålet vert utvatna av sidemål, og meir generelt at hjernen har begrensa med lagringskapasitet, er beviseleg feil. Forsking viser nemleg til at hjernen vår er meir enn godt nok rusta til å læra fleire språk, dersom me startar tidleg nok. Ei god læresetning seier at språk avlar språk, så i staden for å stå på barrikadane for færre språk i skulen, burde heller kunnskapspartiet Unge Høgre slå eit slag for å dyrka fleirspråklegheita.

Vidare stemmer det som Unge Høgre skriv, at om lag 15 prosent av befolkninga, eller kring 600.000 menneske, har nynorsk som sitt hovudmål. Det er berre synd at den beste måten dei vil setja pris på denne særs mangfaldige gruppa, er ved å seia at språket deira stel tid frå viktigare ting i skulen. Dessutan ber heile innlegget eit preg av at nynorsken kan berre vera vakkert på avstand. Problemet med eit slikt trongsyn er at nynorsk mistar sin status som eit bruksspråk og vert lagd til å støva ned i ei skuff med merkelappen ‘kulturarv’.

Unge Høgre må bestemma seg for om dei vil halda fram med populistiske åtak på nynorsken, eller om dei vil fremja konkrete løysingar for å betra sidemålsundervisninga. Me i Norsk Målungdom meiner at tidleg start med sidemål for bokmålselevar, sidemål i andre fag enn norsk og betre nynorskopplæring i lærarutdanningane er gode løysingar på det innfløkte problemet. Og når Høgre med regjeringspartnarane skriv i den nye regjeringsplattforma at dei vil styrkja sidemålsundervisninga, så kan vel ikkje ungdomspartiet deira vera noko dårlegare?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags