Skogplanting

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserbrevI Tidens Krav 13. februar står det skrevet: "Her går Bjørn i krigen mot sitkagrana - nødhjelp for landskap". Kva betyr dette? Han ser trolig noen tre og kaller alt han ser for sitkagran. Desse trea skygger for alt seier han. Han ser ikkje Veiholmen ein gong. Stammar han derifrå, skal eg tru?

Her på Leirvika ser vi om lag slik som før. Vi har aldri sett Veiholmen, men lever likevel bra tykker eg.

I min ungdom vaks det ikkje eit einaste nåletre på Smøla. Det einaste eg hugser var noko dei kalla Dyrnesskogen. Der sto det nokre gamle tre som heldt på å ramla ned, men dette heitte Dyrnesskogen og folk gjekk turar dit, for å sjå korleis det var der. Dersom vi skulle ha eit juletre, måtte vi dra over Edøyfjorden, for å sjå kva tre dei hadde.

Her på Leirvika vart dei første nåletrea planta på eit område på om lag 100 m. Nokre tre vart så store som vi venta, men dei fleste vart berre om lag to meter høge og da dauda dei. Det var for sur jord for dei. Ingen visste kva tre dei skulle planta. Nokre planta Bergfuru, desse vart berre små og var brukbar berre til ved. Dei måtte prøva seg fram og nokon prøva seg med einstamma buskfuru. Desse vaks og desse vart planta seinare. Dei stod i eit plantefelt så dyra ikkje fekk ødelegge dei. Slik vart det meir og meir nåletre på øya.

Men i starten visste ingen korleis dei skulle planta, dei satte alle trea i eit plantefelt og slik gjorde dei i 1960–1970-åra da dei tok til med leplanting. Alle trea stod så tett at det var om lag berre ein kvadratmeter mellom trea. Da vart det lite og vida seg ut på, og slik er det i dag. Dei måtte ta ut dei trea som står i vegen, så det blir rom for dei som skal stå der og slik blir det skog også på Smøla.

I dag ser dei bare sitkagran og alt skal bort og slik ser dei som trur dei er fagfolk på område. Alt som heiter nåletre skal bort, vi må føre Smøla tilbake slik ho var for over 200 år sidan. Da vaks det berre lyngplanter og alt var oversiktleg, så det var lett å sjå Veiholmen.

Desse folka veit ikkje kva dei snakkar om. Dei får berre helde på til dei ser at det er ganglaust og da vil vi tru dei kjem til fornuft så det blir verande også på Smøla.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags