Mobiltelefon og skulestart

Jon Ingvald Håbrekke, biolog

Jon Ingvald Håbrekke, biolog

Av
DEL

LeserbrevDen 9. august hadde TK ein leiarartikkel med utgangspunkt i det franske forbodet mot smarttelefon i den nasjonale grunnskulen. Eit forståeleg forbod. Mobiltelefon i klasserommet er sabotasje av skulen sin viktigaste arena for undervising og læring.

Hjernen vår er eit elektrisk aktivt organ der cellene fungerer som batteri med evne til stadig å bli lada opp på ny. Ytre strålingskjelder influerer i høgste grad på cellene si evne til å oppnå sitt elektromotoriske potensial. Hjernen er elektrisk aktiv dag og natt. I ein læresituasjon bør skulen leggje til rette for eit miljø som samsvarar med den hjernebølgjefrekvensen vi skal ha, når vi er i fysisk ro og skal lære nye ting.

La oss sjå på ulike frekvensar, jorda sin grunnfrekvens, og biologisk effekt. Den globale elektromagnetiske resonansen er oppkalla etter fysikaren Winfried Otto Schumann. Han kom fram til eit matematisk uttrykk for jorda sin resonans i 1952. Jorda sin grunnfrekvensen blir til vanleg oppgitt å vera 7.83 Hz. Når kroppen vår er i harmoni med denne grunnfrekvensen har vi optimale tilhøve for restitusjon og betring av eigen helsetilstand. I søvn kjem vi ned i området 0.5-4 Hz (delta) og 4-8 Hz (theta). Hjernebølgjer i området 8-12 Hz (alfa) er vanleg ved meditasjon.

Når vi er i fysisk ro, fokusert eller lærer noko nytt, er hjernebølgjene våre i området 13-15 Hz. Med all elektrisk aktivitet, mobilstråling, radiosignal med meir, er overflatefrekvensen på jorda i dag for det meste i området 14-17 Hz, og stadig aukande. Moderne mobiltelefonar og 4G-nettet opererer i frekvensområdet 20-25 Hz. Dette er langt over området for læring. Dette frekvensområdet er oppe i det området hjernebølgjene våre har når vi er stressa og redde.

Det er difor lett å forstå grunnen til stressa og utagerande reaksjonar hos barn og unge som sit timevis med aktivitet på mobil og nettbrett. Stråling i klasserommet blir lik summen av alle strålingskjeldene. Dette har dei forstått i Frankrike. Massiv strålingsaktivitet i klasserommet langt over det som gir optimal læring eller restitusjon i aktive barne- og ungdomskroppar, bli fullstendig feil.

Det er på høg tid at rektorar, og andre ansvarlege for skulen som læringsarena, forstår dette og set i verk adekvate tiltak. Å tillate mobiltelefonar i aktiv modus i klasserommet er difor direkte sabotasje av skulen som ein arena for læring. Det er difor fullstendig uakseptabelt om skuleleiarar på ulike nivå tillèt slik sabotasje av skulen sitt læringsmiljø.

Det er elles verdt å merke seg at gjennomsnittleg  intelligens målt som IQ auka med 6 prosentpoeng frå 1900 til ut på 1990-talet. Etter at internett kom har gjennomsnittleg intelligens gått tilbake 6 poeng til nivået våre tidlegare generasjonar hadde i året 1900. Enno ein grunn til å halde mobiltelefonen lagra heilt avslått eller i flymodus frå starten av første skuletime til klokka ringjer ut ved dagens slutt.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags