Gode vedtak for framtida for skog- og trebasert næring

- Kystskogbruket og Møre og Romsdal Skognæringsforum har mål om auka lokal verdiskaping, skriv Ottar A. Bjørkedal.

- Kystskogbruket og Møre og Romsdal Skognæringsforum har mål om auka lokal verdiskaping, skriv Ottar A. Bjørkedal.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeserbrevOpe brev til politikarane våre på Mørebenken om handsaminga i næringskomiteen og på Stortinget av Skogmeldinga Meld. St. (2016-17).

Vi har med stor glede lese referata frå handsaminga av den nye Skogmeldinga i Næringskomiteen og i stortingssalen. Her har politikarane våre gjort gode vedtak for framtida for skog- og trebasert næring i fylket vårt!

I vår høyringsuttale til Skogmeldinga bad vi om at det vart lagt større vekt på verdiskapingsperspektivet enn det meldinga gav bod om, og på den måten leggje grunnlag for auka vidareforedling av skogråstoff frå skogane våre her heime framfor eksport av rundtømmer til utlandet. 

Fylket vårt har mykje god bygningsindustri og treindustri som importerer råstoffet sitt frå Sverige og Finland. Då er det eit stort paradoks at godt tømmer frå skogane våre vert eksportert ut av landet.

Kystskogbruket og Møre og Romsdal Skognæringsforum har mål om auka lokal verdiskaping basert på dette råstoffet. Til det treng vi rammevilkår som gjer det mogleg å byggje opp verksemder som kan vidareforedle tømmeret til dei råvarer tre- og bygningsindustrien vår treng. Og vi må ha rammevilkår som gjer dette mogleg. Dei vedtak som no er gjort er eit stort steg framover for oss.

Vi er og godt tilfredse med dei signala de har gjeve om sterkare satsing på god og tenleg infrastruktur i skogen, og ut av skogen fram til tømmerterminalar og tømmerbrukande industri. Legg vi til at politikarane våre vil prioritere midlar og auka innsats til foredling av skogplanter tilpassa våre vekseforhold og klimaendringane vi er inne i, vil det vere med å sikre eit godt grunnlag for fornybart, klimarett og framtidsretta produksjon av råstoff frå skogane våre også i framtida.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags