Stad skipstunnel må realiserast snarast mogleg

Av
DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

KUN 99 kr for ALT på nett.

LeserbrevSogn og Fjordane Næringsråd er ei foreining som blei stifta i november 2016, og den er eigd av bedrifter i fylket og styrt av aktive bedriftsleiarar. Å få bygt Stad skipstunnel snarast mogleg er svært viktig for oss.

I fleire tiår har det vore arbeidd med å få realisert ein skipstunnel for at størstedelen av skipstrafikken kan unngå det harde og lunefulle havstykket  rundt Stad. Traseen er planlagd frå Moldefjorden til Kjødepollen i Selje kommune.

Det har skjedd mange forlis på Stadhavet. Sidan andre verdskrigen har 34 personar mist livet i dette havområdet. Det er rapportert om mange nestenforlis. Det høyrer med til historia at svært få torer å passere Stad under dårlege vêrforhold. Dermed oppstår forseinkingar og auka kostnader for sjøtransporten.

Når Stad skipstunnel  blir bygd, kan faremomenta reduserast dramatisk. Etter dei planane som no ligg føre, vil 81 prosent av den noverande skipstrafikken kunne kanaliserast  gjennom skipstunnelen. Ein eliminerer dermed i svært stor grad faren for at menneskeliv går tapt på grunn av seglas rundt Stad. Det er det aller viktigaste momentet i denne saka.

Det er eit faktum at sjøtransporten kan bli langt meir effektiv om dei farande kan bruke skipstunnelen som ein sikker trasé. Ein stor del av godstransporten kan flyttast frå veg til sjø dersom ein eliminerer eit ekstremt farleg havstykke. Ikkje minst er dette relevant i eit område der det er svært stor trafikk på grunn av eit dynamisk miljø innanfor fiskerinæringa.

Transportkostnadene for næringsaktørane kan reduserast vesentleg. Dessutan blir transporten langt meir effektiv. Ein sparer tid, får lågare drivstofforbruk og reduserer utslipp av forureinande gassar. Det er i pakt med ei framtidsretta tenking.

Sintef har i ein rapport peikt på at fiskerinæringa taper 30-40 millioner kroner årleg på grunn av vanskeleg passering ved Stad. Dårleg vêr fører til ventetid og redusert kvalitet på fangsten. Oppdrettsnæringa opplever tapte inntekter på grunn av prisreduksjon fordi ein får ventetid og dødtid ved anlegg som skal foredle fisken.

Når skipstunnelen er bygd, opnar det for ei stor betring av samferdsla på kysten av Vestlandet. Det legg straks grunnlaget for å opprette hurtigbåtsamband mellom Bergen og Ålesund, med ei samle reisetid på cirka fem timar. Mellom Måløy og Ålesund kan reisetida reduserast til 1 time og 45 minutt. Ei slik nyvinning vil dermed opne for pendling mellom kommunar og distrikt sør og nord for Stad. Det vil auke fleksibiliteten i arbeids- og næringslivet og kunne betre konkurransekrafta.

Stad skipstunnel vil på ein effektiv måte opne for eit nytt bu- og arbeidsområde. Det kan gå frå Vågsøy i Ytre Nordfjord, via den maritime klynga på den sørlege delen av Sunnmøre og til Ålesund.

Tunnelen kan bli ein stor attraksjon fordi den blir eineståande i verdssamanheng. Berre det kan skape grunnlag for ny og utvida aktivitet innanfor reiselivet med interesse både på nasjonalt og internasjonalt plan. Når vi dessutan veit at det allereie finst fleire interessante attraksjonar både sør og nord for Stad, vil dette samla sett ha potensial til ei vesentleg utviding av aktiviteten fordi kommunikasjonsvegen blir betre, tryggare og raskare.

Vi er kjende med at Stad skipstunnel  er teken inn i Nasjonal transportplan som blei behandla i Stortinget i juni 2013, noko som er klart positivt. Det som no står igjen, er at samferdslestyresmaktene syter for at oppfølgingsarbeidet frå fagetaten skjer så raskt som mogleg, og at departementet legg til rette for utbyggingsvedtak og finansiering omgåande.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags