Å vere besteforeldre når vaksne barn opplever samlivsbrot

– I vår tid er det mange i besteforeldregenerasjonen som opplever at det vert brot mellom eit vakse barn og samlivspartnar, skriv innleggsforfattaren.

– I vår tid er det mange i besteforeldregenerasjonen som opplever at det vert brot mellom eit vakse barn og samlivspartnar, skriv innleggsforfattaren. Foto:

Av
DEL

Leserbrev«Og saligheta va et bessmorfang», skriv Alf Prøysen i romsjulsvisa si, og skildrar ei blank glede mellom bestemor og barnebarn.

No i kjernefamiliens og mobilitetens tid kan vi kome til å oversjå kor viktig storfamilien kan vere. Det er ei stund sidan gamlefolket og ungefolket  levde i same hus, og det  er også sjeldnare at dei bur i same tun, men likevel slår norsk forsking fast at besteforeldre framleis spelar ei viktig rolle i barnebarna sitt liv.

Biletet av dei sol-, golf- og vinnytande besteforeldra i Syden er overdrive, seier NOVA-forskinga (Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring). Vel er det mange travle, yrkesaktive og vidfarande besteforeldre, men dei stiller også opp både for vaksne barn og for barnebarn, og er ofte svært viktige for dei.  Når barn ser seg rundt i livet sitt og tel opp tryggleiksknaggane, er bestemor og bestefar  ofte med.

I vår tid er det mange i besteforeldregenerasjonen som opplever at det vert brot mellom eit vakse barn og samlivspartnar. Samlivsbrot kan vere fredeleg, og omsynet til barna kan vere godt ivareteke av foreldra. Men eit samlivsbrot kan også vere tungt, sorgfullt og opprørt, og kampen om barna kan bli hard. I dei fleste tilfelle er det ei sorg for barn at mamma og pappa ikkje lenger bur i same hus. Det vert mykje att og fram, og mykje å passe på. Og kvar vart det no av mormor og morfar, og farmor og farfar?

Kanskje er besteforeldre forvirra og usikre på korleis dei no skal te seg. Kor mykje skal ein spørje? Kor nær skal ein gå? Kor mykje kan ein meine? Kanskje er ein sorgfull og bekymra fordi ei vaksen dotter eller son har det vanskeleg, og fordi ein kjær svigerson eller svigerdotter blir borte frå familien. Eller kanskje er ein letta over at det vaksne barnet har kome seg ut av eit destruktivt samliv. Vanskelegast er kanskje uroa for korleis barnebarna har det i den nye kvardagen med den ordninga foreldra har bestemt om bustad og samvær.

Det hender at relasjonar mellom svigerforeldre og tidlegare svigerbarn varer ved som eit godt vennskap etter samlivsbrot, men ofte  samlar den eldre generasjonen  seg bak kvart sitt barn, og er med og skjerpar kampen mellom partane. Det blir ikkje lenger berre to ekspartnarar som skal bli einige om korleis ein skal ordne framtida, det blir mange sterke meiningar frå ein baktropp som engasjerer seg. Ofte i beste meining.

Så hender det at besteforeldre ikkje lenger får treffe barnebarna som før. Oftast gjeld det farmor og farfar, fordi barn framleis i dei fleste tilfelle  har fast bustad hos mor. Dessutan kan det bli nok skifting av hus og seng for barn som flytter att og fram mellom to heimar, om dei ikkje skal dele seg på endå fleire. Det hender også at forholdet mellom tidlegare svigerbarn og svigerforeldre vert så tilspissa, at samværet med barna blir vanskeleg av den grunn.

For barn, som ikkje alltid forstår kva som går for seg i den vaksne verda, går mykje konsentrasjon med til å fange opp og fornemme signal, andletsuttrykk, halvkvedne viser og negativ omtale av menneske dei er glad i. Dei kan kome til å bruke mykje energi på å kvitvaske bodskap mellom foreldre, og  mellom foreldre og besteforeldre, for å få livet til å henge saman. Det er ein fredsbevarande styrke av små menneske som prøvar å pusle saman ein heilskap i livet sitt.

Barn treng ein god besteforeldrerelasjon meir enn nokon gong i tider då andre trygge strukturar i livet krakelerer. Dei treng å vite at mormor og morfar, farmor og farfar kan romme dei og livet deira slik det no har vorte, og at dei ikkje er sinte på pappa eller mamma. For barnet vernar om bitane av eit godt foreldrebilete.

For foreldregenerasjonen gjeld det å tillate barna å ha ein god relasjon til besteforeldre, om dei enn sjølve kan streve med relasjonen til ekspartnar sin familie. Av og til må ein svelgje tusen kamelar fordi det er noko anna som er overordna viktig. Om dette ikkje fungerer, kan det bli slik at barn ser besteforeldra sine minst når dei treng dei mest.

I tunge livsetappar kan ein kome til å bli noko anna enn det ein gjerne vil vere. Det gjeld oss alle. Og vi kan ofte gremmast i etterkant over ord som vart sagde og val som vart tekne i «kampens hete».  Heldigvis kan mykje reparerast når kvar av oss tek ansvar for det vi sa og gjorde. Men endå betre er det om vi i forkant kan reflektere over korleis barna har det midt mellom menneska dei er glade i, men som ikkje alltid er glade i kvarandre.

Ved familievernkontoret møter vi barn som saknar besteforeldre og besteforeldre som saknar barnebarn. Difor vil vi setje emnet på dagsorden. Vi inviterer besteforeldre som har opplevd samlivsbrot hos vaksne barn til temakveld om dette.  Det finst ikkje noko oppskrift på korleis ein skal meistre ein slik situasjon. Kvar har si eiga historie. Difor er ikkje dette eit kurs, men eit temaforedrag med refleksjon omkring  dei utfordringane ein står i når vaksne barn er i samlivsbrot. Foredraget er ved Kjersti Tytingvåg Rogne. Meir informasjon om temaforedraget finner du ved å gå inn på bufdir.no/familie- der kan du søke på familievernkontoret i Molde og finne tid og sted for temakvelden.

Det vert opning for å tenkje høgt i lag omkring emnet. Deltakarane skal ikkje utlevere sine næraste, men kanskje finne ei attkjenning når vi nemner dei kjensler ein kan bere på, og dei  dilemma ein står i. Og det store - ofte  litt utrygge spørsmålet: Korleis skal vi vere foreldre, besteforeldre og eks-svigerforeldre no? Håpet er at ein kan utdjupe tankar og ettertankar rundt  eigen situasjon, få inn nye nyansar og kanskje leite etter andre stiar å gå til dei menneska ein bryr seg om.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags