Skal Møreaksen kunne «snike i køa» her i fylket?

Frank Sve, gruppeleiar og fylkesleiar i Møre og Romsdal Frp.

Frank Sve, gruppeleiar og fylkesleiar i Møre og Romsdal Frp.

Av
DEL

LeserbrevDet bør vere klart for alle her i fylket, kva prioriteringar som gjeld i vedteken Nasjonale Transportplan. Nasjonal transportplan som Stortinget har vedteke er inndelt i to planperiodar. 2018-2023, og siste delen 2024-2029. Heile planen vert rullert og behandla på nytt av Stortinget i 2021.

Vi kan lese i ulike annonser og innlegg angående Møreaksen, at det er nokon her i fylket som innbiller seg at Møreaksen kan kome om nokre få år, 2022 er nevnt, som sjølvsagt ikkje er realistisk. I gjeldande nasjonal transportplan står Møreaksen i siste del av planen, i perioden 2024-2029. Den står inne med 6 milliardar kroner av ein totalkostnad på 37 milliardar kroner.

I tillegg er det tenkt bompengar, som vil bli svært kostbart for oss alle, summar på 400-600 kroner ein veg frå Ålesund til Molde, er kostnadsnivå som har vore omtalt. Med andre ord, så er Møreaksen  milevis ifrå snarlig oppstart, og verken skal eller kan «snike i køa» her i fylket innan prioriterte samferdselsprosjekt.

Kva er prioritert i fyrste perioden 2018-2023 i NTP her i fylket?

  • E-136 Romsdalen har i en årrekke vore førsteprioritet her i fylket, og her ligger to prosjekt inne i fyrste del av NTP og er so og seie byggeklare.
  • Flatmark-Monge-Marstein: 750mill. kroner
  • Stugufløten-Rødstøl: 650 mill. kroner

Ingen av desse prosjekta er starta opp.

  • E39 Betna- Stormyra har også vore på topp i prioriteringene her i fylket, står i samme tidlig periode utan startløyving og er heller ikkje starta opp: 2,1 milliardar kroner.
  • E39 Lønset- Hjelset, også i tidlig periode, ikkje oppstarta og ikkje finansiert: 600 mill. kroner.
  • E-136/39 Ørskogfjellet krabbefelt står også tidlig i planen med 130 mill. kroner.
  • E-136 Lerstadvegen står også i tidlig planperiode med eit startbeløp på 200 mill. kroner til ein totalkostnad på 1,8 milliardar kroner.

Korleis i all verden kan nokon drøyme om at nokon eller alle av desse prosjekta vert skubba ut i tid, for at Møreaksen kan få « snike i køa»? Kva prosjekt som eg har vist til som faktisk står i NTP i 2018-2023, har ein tenkt å fjerne til fordel for Møreaksen? Såleis har vi svært god tida med å finne den beste, smartaste, rimelegaste, tryggaste og mest miljøvenlege måten å krysse Romsdalsfjorden på.

Dette er dei harde realitetane, aldeles ufatteleg at absolutt ingen av Møreaksen forkjemparane klarer å fortelje sanninga om prioritering og realismen i gjeldande NTP. Istaden forsøker enkelte å teikne eit bilde som i beste fall er ei kraftig forfalskning av samferdselsbildet for Møre og Romsdal.

Legger for ordens skuld med gjeldande «ekte NTP for Møre og Romsdal», så kan alle kaste dei meir eller mindre ubrukelege utgåvene som enkelte så gjerne ynskjer at folk skal tru på.

I andre fylker som til dømes Hordaland har regjeringa og andre, «fått ny informasjon» som har ført til at bygging av Bjørnefjorden no skal skje med ny miljøteknologi, trygg og framtidsretta med flytebruer som også følgjer opp Stortingets mål om å leggje til rette for gåande og sykklande. Her i fylket ser det ut som at trasévalg er «hogd i stein» og det å kunne bygge vegane her i fylket smartare, billigare, tryggare og med ny miljøteknologi ikkje skal gjelde. Miljøet, gåande og sykklande bryr ein seg heller ikkje om. Og den «nye informasjonen» som ein har fått i resten av landet, gjelder ikkje for Møre og Romsdal, kan det sjå ut til.

Heldigvis skal dagens Nasjonale transportplan som også omfattar kryssing av Romsdalsfjorden, rullerast i 2021. Like mykje heldigvis, er det at det er innbyggjarane her i fylket som sørger for utfallet av dette, gjennom valga som kjem i 2019 og 2021.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags