Romsdalsakse eller Møreakse?

Steinar Berge.

Steinar Berge.

Av
DEL

LeserbrevFrank Sve, alle skuldingar mot deg for å "seia nei til demokratiet", vilja "skrinlegge ferjefri E39" og andre påstandar for ditt krav om å få utgreidd Romsdalsaksen har ei einaste årsak: Dei som på liv og død vil ha Møreakse forstår at ei slik utgreiing vil skrinleggja Møreaksen.

Dei er livredde for å få fakta på bordet. Ingen er så redde for fakta som politikarar når dei har gjort et vedtak, der fakta vil syna at dei tok feil. Då står brått demokratiet i fare.

At Møreaksen vil kosta titals milliardar, at den vil bli verdas lengste og djupaste undersjøiske tunnel og bli ein fjordundergang lik fjellovergangen Gråura frå Sunndalen til Oppdal i høgd. Sikkerhet og miljø får fleire utfordringar, men det spelar nok ingen rolle for dei som vedtok dette. Stamvegen på Vestlandet skal sjogast rett gjennom Molde by - eller rettare: Under byen med av- og påkøyringar i begge retningar. Korleis tenkjer fylkespolitikarane og vegvesenet?

Stortingsrepresentant Helge Orten gjekk nyleg på Dagsnytt 18 mot å få utgreidd jernbanen mellom Oslo og Stockholm/Gøteborg for betre miljø, passasjer og varetransport (mindre fly og bil). Han var redd det kunne gå ut over løyvingane til norske jernbane- og vegprosjekt. Det var nok Møreaksen han var redd for ...

Då politikarane og sjukehusbyråkratane ville leggja ned Aker sjukehus og laga eit "clustersjukehus" med Rikshospitalet, Ullevål sjukehus og Radiumhospitalet på Gaustad, viste prosjektet seg å bli ein økonomisk og fagleg katastrofe. Heldigvis greip Riksrevisjonen og stogga galskapen etter det var brukt over ein milliard kroner på "konsulentar" og "rådgjevarar". Eg skal ikkje nemna sjukehussaka her i vårt fylke.

Det må ikkje verta slik i Noreg at Riksrevisjonen må verna sunn fornuft når politikarene ikkje vil ha fakta på bordet. Å leggja stamvegen i hull under fjorden og byen gjennom naturfagre Romsdalen er hull i hovudet. Det kostar meir, er meir utfordrande for sikkerheit og miljø, har dyrare vedlikehald, høgare bompengar, er ein omveg til Trondheim og ei ulempe for både varetransport, lokalbefolkning og turistar.

Stå på, Frank Sve! Romsdalsaksen er eit betre alternativ og med mindre kostnader enn Møreaksen.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags