Nei til omfattande «bompengeran»

Frank Sve, gruppeleiar og fylkesleiar i Møre og Romsdal Frp.

Frank Sve, gruppeleiar og fylkesleiar i Møre og Romsdal Frp.

Av
DEL

LeserbrevDet er no på høg tid at vi tar eit kraftig oppgjer med bompengenivået som kan bli her i fylket. Det som er i ferd med å kunne skje, er rett og slett eit «bompengeran». Dersom innbyggarane i heile Møre og Romsdal, skal måtte betale over 600 kroner ein veg for å kome seg frå Ålesund til Halsa, så er dette overhode ikkje akseptabelt.

Berre den planlagte E39-traseen frå Digernes og forbi Molde, er anslått til mellom 400-500 kroner ein veg. I dag koster en bil over Moldefjorden 76 kroner med rabattkort, og det vert bortimot latterlig å snakke om utvida «bu- og arbeidsmarknadsområde» med slike summar. Ingen, absolutt ingen, kan då bu i til dømes Molde og arbeide i Ålesund og omvendt. Fram mot 1.000 kroner pr dag i bompengar er ein vits å tenke på.

At Innbyggarane her i fylket skal bli flådd med bompengar for å køyre igjennom fylket, vil fort føre til at Tressfjordbrua blir nedbetalt i rekordfart og dei fleste kjem til å bruke Romsdalen og Dovre mot Trondheim. Kva trur dokker dette vil koste for transportnæringa og næringslivet, å køyre igjennom fylket med slike bompengetakstar?

Autonome ferjer har også kome på banen for fullt. Dette vil om kort tid verte ein realitet som kan nyttast i fjordkryssingar. Derimot i farled tre samband som til dømes Smøla og Nordøyane, vil nok dette ikkje vere mogleg av fleire grunnar.

Eg trur at bompengenivået som seilar opp i dei gigantstore fjordkryssingsprosjekta som til dømes på ferjefri E39, raskt kan vere starten på slutten for desse gigantprosjekta. Kostnadane må drastisk ned på desse prosjekta, er beskjeden frå styresmaktene. Dette i tillegg til at enkelte tviholder på å unngå utredning av smartare, billigare, tryggare og meir miljøvennlige alternativ over Romsdalsfjorden, garantert vil føre til at nullutslipsfartøy og mulige autonome fartøy kjem på banen. Flytebruer slik som Romsdalsaksen planlegg, er etter mitt begrep det einaste framtidsretta alternativet til nye nullutslipsferjer.

Alle må vere klar over at dersom ein reduserer overfartstida til 30 minutt over Romsdalsfjorden og med fleire ferjer og 15-20 minutt avgang, er en forbi Molde omlag like raskt som via Møreaksen frå Vik, til Julsundet og forbi Molde. Bompengetaksten på Romsdalsaksen er sjølvsagt på ein anna planet enn det som vert planlagt med snart 50 km tunnel under Romsdalsfjorden, sør og nord om fjorden, inn og forbi Molde på Møreaksen. Dei som vil forstå dette, forstår det.

Totalt sett må kostnadane for folk flest for å kunne ferdast rundt om i fylket haldast på eit lågast mulig nivå. Dyre bypakkar i kombinasjon med større vegprosjekt kan raskt ta knekken på fylket og næringslivet som vi er så avhengige av. Einaste unntaka vil vere fjordkryssingsprosjekt slik som Nordøyvegen, der bompengetaksten er lik ferjebiletten, og der innbyggjarane og næringslivet ynskjer å betale dette.

Eg reiser debatten, kvar går grensa for kva innbyggarane og næringslivet skal betale i bompengar? Kva kan vi akseptere for kostnad for å køyre frå Vanylven til Halsa, Ålesund til Halsa? Korleis kan nokon meine at det berre er å «klaske på» hundredevis av kroner i bompengar for å krysse til dømes Romsdalsfjorden, når det er kjempestore protestar i befolkninga når ei eller to takstsone vert auka i ferjeruter her i fylket?

To takstsoner vart auka på ulike plassar i fylket og til dømes ruta Stranda–Liabygda i sommerhalvåret på grunn av ekstra ferje. 7 kr for passasjer og 14 kr for bil vart auken som førte til massive protestar. Omfattande protestar vart det også spesielt i Søre Sunnmøre.

Kva protestar kjem frå innbyggjarane og næringslivet når det plutseleg er 400-500 kr i auke for å kome seg nordover i fylket frå dette området dersom Møreaksen vert bygd?

No er det viktig at folk flest og næringslivet er klar over kva som kan skje, og klart seier si meining om dette gigant-«bompengeranet» som faktisk kan bli ein realitet. Vi betalar nok i bil og vegavgifter slik som det er, og trenger ikkje haugevis med bompengar i tillegg.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags