Ruspolitikk på avvegar?

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserbrevDei fleste partia har som mål at foreslåtte samfunnsendringar skal vere til beste for borgarane. Men ikkje så sjeldan ser vi at trendar og gode intensjonar skaper endringar meir til skade enn til gagn.

Derfor er til dømes svært mange fagfolk og forskarar skeptiske til kravet i dag om liberalisering og legalisering i narkotikapolitikken. «Ungdomspartia er i ferd med å svikte ungdommane dei skal representere når dei foreslår legalisering av cannabis», seier t.d. hjerneforskar Svend Davanger (Klassekampen 24/7-2018).

FNs narkotikakontrollorgan, INCB, ber internasjonale styresmakter sørge for at marihuana framleis er ulovleg, og ser med uro på den legaliserings-vinden som no er i Nord-Amerika og delar av Europa når det gjeld bruk av cannabis til ikkje-medisinske formål. (jf Årsrapport 2017).   

Det er svært mange grunnar til at det er viktig å halde oppe motstanden mot legalisering av cannabis. Davidsen understrekar t.d. at alkoholkonsumet må vere mykje høgare for å gi same skadelege effekt som cannabis har, og at cannabis er særleg skadeleg for ungdom. Hjernen er i utvikling fram til omtrent 25-årsalderen. Cannabisbruk både hemmar ei normal utvikling av hjernen, og påverkar samtidig evna til å oppnå mål i ein viktig fase av livet. Og situasjonen er blitt enda meir alvorleg ved at det rusframkallande stoffet (THC) i cannabisprodukta i dag jamnt over er sterkare enn det var tidlegare.

Professor (emeritus) Helge Waal, som har arbeidd med rusproblematikk eit langt liv og m.a. også har studert narkotikapolitikken i Portugal og andre land, summerer opp synspunkta sine  i det rusgiftpolitiske tidsskriftet «Mot Rusgift»  nr 1/2018, som er eit godt temanummer om narkotikapolitikken. Han synest ikkje skilnadene på Portugal og Noreg er så store når vi ser utviklinga i Portugal i samanheng med dei historiske og politiske omveltningane som landet  har gjennomlevd sidan 1970-talet. Og om utviklinga i Noreg understrekar han:

«Jeg er bekymret over den narkotikaliberale pratingen som vi har sett i ganske mange aviser og andre media, hvor det blir en slags alminneliggjøring og til dels dyrking av bruken av rusmidler.  - - Selve nedkriminaliseringen, som jeg lenge har ment er både viktig og riktig, tror jeg ikke har så stor betydning. Spørsmålet er hvordan vi kan opprettholde den tradisjonelle norske politikken, som går ut på å ha et kritisk syn på all rusgiftbruk, og at rusgiftbruk på offentlige steder ikke skal foregå i noe omfang, og at de som har problemer med sin rusgiftbruk skal få hjelp til å begrense den eller slutte. Dette er tradisjonell norsk politikk, mens bruken av de høye strafferammene og bruken av fengsel er en amerikansk import som vi gjerne kunne være foruten.» 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags