Skadefelling av jerv og tilleggssanking av beitedyr

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeserbrevPå ettersommaren var tapet av sau på beite i øvre Sunndal unormalt stort. Området der tapa er størst er definert som yngleområde for jerv. Her er det blitt stimulert til effektive tapsforebyggande tiltak.

Forvaltninga har definert mål for kor mange jerveynglingar det skal vera, både nasjonalt, regionalt og lokalt. Status er at antal jerveynglingar har vore over målet både nasjonalt og regionalt dei siste åra. Det er også sett mål om antal jerveynglingar innafor det definerte yngleområdet i Møre og Romsdal, som øvre Sunndal er ein del av.

Målet om antal ynglingar er nådd også innafor dette området. Slik det er krav om, har beitenæringa som er representert innafor yngleområdet tilpassa drifta til at det kan vera jerv i området. Ut frå dette skulle ein tru at skadefelling (kun av skadegjerande individ) kan iverksetjast, så lenge målet om antal ynglingar innafor yngleområdet er nådd, det er ledige skadefellingsløyve, tap er dokumentert og drifta av beitedyr for øvrig er tilpassa situasjonen.

Og rett nok: Forvaltninga gav løyve til skadefelling i øvre Sunndal, på strenge vilkår. Det vart oppretta kommunalt skadefellingslag og jakta kunne pågå ei veke. Etter ei veke var jakta resultatlaus. Det vart søkt om forlenging av skadefellingsløyvet. Dette vart innvilga for seks nye dagar på grunnlag av nye dokumenterte tap.

På nytt vart jakta resultatlaus og det vart søkt om ny forlenging av skadefellingsløyvet på grunnlag av ytterlegare nye dokumenterte skadefunn. Denne søknaden vart avslått ut frå at området er prioritert yngleområde for jerv og at det fanst andre tilfredsstillande alternativ til felling. Avslaget vart anka, utan å bli tatt til følgje.

I avslaget vert «andre tilfredsstillande alternativ til felling» definert til å handla om tidlegsanking. Normal sankedato er ca 15.9. Det vart tatt initiativ til tidlegsanking av beitedyr. Då søknad vart avslått 29.8. var ca halvparten av beitedyra tatt ned frå fjellet. Fokus på tidlegsanking

Oppdragsbrev av 20.juni 2016

I nevnte brev til rovviltnemndene har klima- og miljøministeren særleg fokus på tidleg nedsanking av sauer i prioriterte jerveområder som eit skadereduserande verkemiddel. I brevet blir det med tapsstatistikk som dokumentasjon bedt om at bruken av tidlegsanking som tapsreduserande verkemiddel bør aukast. Det blir vidare vist til at det er ei eiga tilskotsordning for dette. Det blir imidlertid ikkje sett fokus på kva verknader tidlegsanking har for beitenæringa og om det praktisk let seg gjennomføra.

Rovviltbestandenes betydning for landbruk og matproduksjon basert på norske ressurser er ein rapport som er utarbeida av Nibio, som kom ut i sommar og som er laga på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Rapporten berører temaet tidlegsanking og framhevar positive erfaringar i Møre og Romsdal, men bekreftar for øvrig at verknader og ikkje minst korleis dette evt skal gjennomførast er dårleg dokumentert.

Ut frå dette er det behov for ei betre klargjering av erfaringane med tidlegsanking før dette utan vidare blir brukt som tiltak. Det er m.a. bruk for å sjå på kva utfordringar tidlegsanking fører til for organiseringa av sankearbeidet. Dessutan er det behov m.a. å sjå på muligheter for tilgang til innmarksbeite ved tidlegsanking og konsekvensar av auka behov for vinterfor.

Våre spørsmål og kommentarar

1. Det er understreka at det forvaltningsmessig skal vera ei tydeleg soneforvaltning. I dette tilfellet betyr det at i det aktuelle området skal terskelen for skadefelling vera høg. Her var imidlertid alle forvaltningsmål nådd: Målet om antal ynglingar nasjonalt, regionalt og innafor yngleområdet var nådd, det var ledige skadefellingsløyve, tap var dokumentert og mange beitedyr var sakna, samt at drifta av beitedyr var tilpassa. Likevel var ikkje dette tilstrekkeleg for å få fornya skadefellingsløyvet. Kva skal då eigentleg til?

2. I dette tilfellet må vi anta at jerven har «spesialisert» seg på beitedyr. I ein periode, i samband med sankinga, har antal beitedyr i fjellet vore kraftig redusert, med påfølgjande auke i skadepresset frå jerven på dei dyra som går igjen i fjellet. Er dette dyrevernmessig tilfredsstillande?

3. Sannsynlegvis hadde konfliktnivået blitt vesentleg redusert om fellingsløyvet hadde blitt ytterlegare forlenga samtidig med tidlegsanking.

4. Gjennom den situasjonen som oppstod vart ikkje problemet løyst. Problemet er sannsynlegvis berre flytta til neste år.

5. Det er eit klart behov for å sjå på verknader av tidlegsanking og om det praktisk let seg gjennomføra på tilfredsstillande måte.

6. Det er ei vanleg misoppfatning at utmarksbeite er av dårleg verdi siste del av sesongen. Dette bør ikkje ukritisk brukast som argument for tidlegsanking.

Andre forhold

Det er fleire andre spørsmål som er reist i den lokale debatten. M.a. er det reist spørsmål om det på den eine sida er rett at det skal stimulerast til å ta vare på prioriterte kulturlandskap i Øvre Sunndal på same tid som det blir stimulert til redusert beitedyraktivitet av omsyn til rovdyr i same område.

Vi ser fram til ein god debatt om dette.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags