Kven vil ha Refstie sine rovdyr?

Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeserbrevOrdførar Ståle Refstie vil ha ein meir fleksibel rovdyrpolitikk. Det tyder vel at han ikkje vil vere vertskap for jerv, men kven har han fått avtale med som kan ta over vertskapet?

Stortinget har fastsett kor mange rovdyr det skal vere i ulike regionar i landet, og rovviltnemnda har seinare, innafor dette, fastsett fordelinga mellom fylke og kvar det skal vere område prioritert for rovdyra. I område med mål om yngling ligg det som føresetnad at beitenæringa skal innrette seg i nødvendig grad etter rovdyra, slik at ein mellom anna når ynglemåla.

I 2016 har ein i Møre og Romsdal nådd ynglemålet for jerv. For første gong på nokre år har ein funne så mange som tre ynglingar og såleis nådd målet. Når ein i minst fire år har hatt i gjennomsnitt berre ei yngling, kan ein vel vere sikker på at bestanden ikkje er høgare enn målet som er sett.

Viss Refstie meiner det må til ei meir fleksibel og smidig forvalting av jervbestanden, må nok det bety at andre må ta ansvar for denne bestanden, slik at ordførar Refstie kan sleppe. Kven hjelper Refstie med den jobben? Det meiner Naturvernforbundet at Refstie må svare på, elles tyder kravet på at han godtar at bestanden av jerv blir liggande under det fastsette målet.

Når det gjeld kulturlandskapet, så er det fint at Refstie gjerne vil ta vare på det. Naturvernforbundet går ut frå at Refstie vil ha ei kunnskapsbasert tilnærming til dette. Då er det ikkje slik at berre det blir sleppt ut mange nok sauar, då vil alt bli bra. Dei ulike husdyra beiter på ulike måtar. Desse landskapa blei kulturlandskap i ei anna tid med andre føresetnader. Det er ein nøydd til å ta omsyn til. Ein del av kulturlandskapet skal slåast seint. Det gir høy med ein næringsverdi som passer betre til andre storferaser og produksjonsmengder enn dei ein har i dag. Slepp ein sau innpå slike teigar før dei er slått, vil det vere negativt for bevaring av kulturlandskapet, i alle fall biologidelen.

I område det tidlegare har vore setring, er storfe, i praksis kyr, i kombinasjon som sau og kan hende geit, det som skapte desse områda i stor grad. Det er storfebeiting som trengst no også, og sauen kan supplere denne beitinga, men ikkje erstatte den.

Viss Refstie sin kamp mot jerven lukkast, vil dette vere negativt for jerven. Ein vil ikkje oppnå å ta vare på kulturlandskapet, og det kan dessverre fort bli slik at dei som driv med beiting og slått i desse områda legg ned drifta likevel. I så fall vil det berre bli taparar.

Etter Naturvernforbundet si meining må vi på nytt lære oss å leve med dei store rovdyra. Dei klarte det i stor grad for 200 år sidan. Vi bør kunne klare det i dag. Men då må beitenæringa vere viljug til å godta nokre tilpassingar som er nødvendige, og som det er meininga at storsamfunnet skal hjelpe dei med. Det ville vere fint om ordførar Refstie kunne bidra til det.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags