Vegdirektoratet, lytt til folket!

Møreaksen i oransje vs. Romsdalsaksen i lyseblå

Møreaksen i oransje vs. Romsdalsaksen i lyseblå Foto:

Av
DEL

Meninger«Folk flest her i fylket, vil ha vurdert flytebruer, Romsdalsaksen og fortsatt ferjedrift.» Dette var konklusjonen av meiningsmålingane som regionsavisene her i fylket hadde, for kort tid tilbake ang. kryssing av Romsdalsfjorden.

Heile 75% ville anten ha Romsdalsaksen, fortsatt ferje, eller hadde ikkje teke stilling til saka. Berre 25% gjekk for ein undersjøisk giganttunell på 16 kilometer, 4-600 kr i bompengar og Møreaksen.

Vegdirektoratet vil no gjennomføre ei vurdering av nytte-kostnaden av fjordkryssinga av Romsdalsfjorden, og andre løysingar som til dømes fortsatt ferjedrift med 15 min avgangar.

Reknar sjølvsagt med at flytebrukonseptet også vert vurdert inn mot neste NTP.

Enkelte var raskt ute, og påstod at Vegdirektoratets arbeide «ikkje gjaldt » Møreaksen. Dette vart påstått, sjølv om det er aldeles klart for alle, at Vegdirektoratet også skal vurdere kryssinga av Romsdalsfjorden inn i dette arbeidet.

Om en brukar ferje i framtida, der det no skal vere 20 min avgangar og 30 min overfart, klarar INGEN å synleggjere at vi kjem oss raskare forbi eller til Molde, med å køyre den gigant undersjøiske tunellen på ca 16 kilometer og resten av Møreaksen, kontra ferje.
 
Den store forskjellen er definitivt prisen, som i dagens ferje er 76 kr med rabatt for ein bil, og som raskt vert 4-600 kr en veg for Møreaksen. Den store gevinsten tidsmessig i regionen, er altså ikkje sjølve fjordkryssinga, men heller vegstandarden på land, «mellom ferjene og byane».

Frå Ålesund til Vestnes, snakkar vi om flaskehalser på flaskehalser, med 70, 60, og 50 soner og sneglefart i store delar av strekninga. Frå Molde til Kristiansund opplever vi det samme, med opphøyd gangfelt og sågar 40 soner, og ikkje akkurat « motorveg» standard.
 
At Vegdirektoratet vil sjå på alternativa og lytte til folket sine meiningar her i fylket er meget bra, spesielt når det er snakk om å bruke så mykje som 37 milliardar kr, 37 000 million kr, for 2-3000 bilar over fjorden pr dag, utan nevneverdig tidsforskjell kontra bruk av ferjer.

Skal bli interresant å sjå resultatet av Vegdirektoratet sitt arbeide.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags