Utfordringar framover

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserbrevEtter at den norske kyrkja i 2017 innførte ein kjønnsnøytral liturgi og lære om ekteskapet, vil det framover bli eit auka press mot frikyrkjer og kristne organisasjonar. Dette presset vil komme frå politikarar, media og frå eigne rekker. Ikkje minst vil mange unge mennesker få stadig større problem med å akseptere den bibelske forståing for ekteskap, familie og barn. Årsaka er sjølvsagt ei einsretta og massiv påverknad i media, skole og ungdomskultur.

Så kan ein sjølvsagt gå inn å spørje korleis kunne forståinga av ekteskapet bli snudd opp ned i løpet av få år? Kva ideologi ligg bak det som skjer?

Det kristne menneskesynet, med mennesket skapt i Guds bilde, og totalt forskjellig frå resten av naturen, er diametralt forskjellig frå premissane som ekteskapslova vart vedtatt på. Det er ikkje muleg å erstatte far med ei medmor. Dei som kritiserar kristne kyrkjer for at dei ikkje aksepterar den nye ektskapsideologien, viser dermed ein manglande forståing for den lære som kyrkja bygger si tru på. Blir den nye ekteskapslova ståande, blir dei eit totalskifte i synet på mennesket sin plass i naturen. Det kristne menneskesynet blir erstatta med ei blanding av biologisk, psykologisk og sosiologisk naturalisme. Det bør erkjennast at det fører til ei djup motsetning i heile samfunnet og med omfattande konsekvensar.

Så kan ein sjølvsagt undre seg over korleis det kjønnsnøytrale ekteskapet gjekk frå å vere eit ideologisk til eit teologisk spørsmål. Er utviklinga knytt til ulike tenkarar som Simone de Beauvoir, Jørgen Lorentzen eller Ludwig Feuerbach? Feuerbach kritiserte religionen og meinte at gudsoppfatninga er menneskeskapt. Derfor er det interessant å registrere kor nært opp til Feuerbach t.d tidlegare biskop Finn Wagle la seg når han oppfatta frigjering frå bibelen som positivt.

Spørsmålet om kristen samlivsetikk er altså ikkje lenger eit spørsmål om kva Gud seier, men kva mennesket tolkar inn i Gud, og kva det kan frigjere seg frå. Legg merke til at all teologisk disskusjon  rundt Bibelen og det å forkaste tradisjonell forståing, t.d. om homofilt samliv, så er det ein marxistisk forståing som blir brukt. Det er få som stussar over det.

Så då kan ein undre seg på korleis eit syn på mennesket basert på eit ateistisk verdsbilde, kan bli eit teologsk spørsmål?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags