Kystpilegrimsleia - moderne turisme med eldgamle verdiar?

Magne Hoem, sokneprest.

Magne Hoem, sokneprest.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeserbrevPilegrimen er igjen blitt populær i krinsar langt utanom praktiserande kristne. Vår tids tale er ofte farga med materielle verdiar, no kan det komme eit tid der vi legg meir vekt på den kulturelle arven vi overlet dei som kjem etter oss. Sankthanskvelden er det stor nasjonal markering på Edøy (Smøla) med pilegrimsvandring til det som er kalla «Noregs første dåpsattest»; Kulisteinen.

Er det for tidleg å seie at vi står framføre ei vekking, eller det vi kan kalle renessanse for eldgamle klassiske verdiar? Livet kan by på så mykje meir enn kvardagar som tappar oss for krefter. Djupast sett leitar kan hende «folk flest» etter andre vegar og verdiar enn dei reint materielle. I hundreår som vi har måla ut som «mørk katolsk mellomalder», sigla pilegrimar langs kysten vår; dei såg fisk hoppe og fuglar sigle med vinden. Andre gjekk langs skogbrynet med åkrar, marker og skogar med ville dyr. Vandraren kledde seg med kappe mot vær og vind, og ein stav (til å stø seg på vegen). Ei veske høyrer også med, ei veske som kan opnast for å dele med andre eller ta imot, opne seg for noko nytt. Opne dei inste rom, vere seg sjølv, opne sitt ærlege, oppriktige hjarte.

Pilegrimen vil legge frå seg det som tyngjer, løfte blikket og ikkje krinse rundt seg sjølv! Slik kan nye vegar opne seg både inst inni og omkring oss.

Ein rettleiar i same orden som pave Frans vil kunne seie det slik: «Ta deg god tid, set deg no ned, la det vere stilt, ver der du er. Ta utgangspunkt i det du har sett og erfart og la det vende attende. Kjenn etter kva som då kjem opp! Ver helsa: Fred og alt godt!». Medan havskodda lettar og forsvinn frå fjellsidene, kan pilegrimen finne vandrarens naturlege pust og rytme.

Det er grunn til å åtvare mot eit firkanta og trongt bilete av den ekte og sanne pilegrim. Historia gir snarare dekning for mangfald og fargerikt fellesskap. Pilegrimen braut opp, gjekk i seg sjølv, aleine, saman med den andre eller fleire andre.

Pilegrimsmålet er det same, men vi menneske er ulike. Finn din veg. Pilegrimens veg blir til medan han går. Undervegs frå Tingvoll, Kvernes, Frei (Rastarkalv), Edøy og Grip vil du i det minste kunne møte andre som vandrar i same retning inn mot høge bogegangar i Nidaros.

Den nye kystpilegrimsleia er eit samarbeid mellom fem fylkeskommunar og fire bispedømme frå Rogaland i sør til pilegrimsmålet Nidaros (Trondheim) i nord. Biskop i Møre, Ingeborg Midttømme, Smølas ordførar Roger Osen og fylkesordførar Jon Aasen inviterer til Edøy på Smøla, laurdag 23. juni kl. 13.30. Riksantikvaren har vore avgjerande for at arbeidet no ser ut til å kunne nå dei mål som er sett.

Kystpilegrimsleia er i desember 2017 godkjent som europeisk kulturveg under namnet St. Olavs veg. Frå sommaren 2016 har Norwegian Centres of Expertice (NCE) vore prosjektleiande. NCE- tourism arbeider for at Fjord-Noreg skal bli leiande reisemål for natur- og kultuopplevingar, og mange meiner at Kystpilegrimsleia kan bli eit av fleire bærekraftige reiselivsprodukt.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags