Gå til sidens hovedinnhold

By og land, hand i hand

Artikkelen er over 3 år gammel

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Arbeidarpartiet går til val på ein politikk som skal ta heile Noreg i bruk. Ein politikk der vi skapar nye arbeidsplassar over heile landet, gode lokalsamfunn og nærmiljø både i distrikta og i byane. Med eit godt tilgjengeleg og likeverdig velferdstilbod.

For første gong i historia bur no over halvparten av verdas befolkning i byar. Urbaniseringa skjer raskt, og den skjer over heile verda. Arbeidarpartiet vil at folk skal kunne bu der dei sjølv ønskjer. Sterke marknadskrefter bidreg til sentralisering og auka forskjellar. Skal valfridomen vere reell må det vere gode moglegheiter for jobb, bustad og velferd både i byane og distrikta.

Politiske vedtak gjennom fire år med Frp og Høgre i regjering har ført til at forskjellane i Noreg aukar, både mellom folk, kommunar og landsdelar. Omfattande skattekutt har gitt milliardar til dei mest velståande i nokre få områder i Noreg.

Når nærings- og distriktspolitiske satsingar blir svekka, reduserer det også moglegheitene for utvikling mange stadar i Møre og Romsdal. Samtidig opplever byområda stort press på bustadar, velferdstilbod og infrastruktur grunna stor tilflytting. Også i byane merkar ein regjeringa sin manglande innsats mot arbeidsløyse og manglar i velferdstilbodet.

Møre og Romsdal vil jobbe. Arbeidarpartiet vil ha ein målretta innsats og aktiv næringspolitikk for å skape nye jobbar, hjelpe dei som mistar jobben og få opp aktiviteten i dei næringane som slit. Vi vil satse på kunnskap og forsking, ny teknologi, infrastruktur, næringsliv og industri. Det er viktig å sikre fortsatt aktivitet og verdiskaping frå petroleumsindustrien.

Arbeidarpartiet vil syte for ein sterk kommuneøkonomi som sikrar gode skular, kvalitet i eldreomsorga og helsetenester i alle kommunar. Slik at tenestetilbodet blir godt uansett kvar du bur. Vi vil styrkje fylkeskommunen sin økonomi slik at vegane, ferjene og kollektivtilbodet blir betre i heile fylket.

Byane og lokalsamfunna i distrikta er gjensidig avhengige av kvarandre. Difor er det for Arbeidarpartiet inga motsetning mellom sterke byar og sterke distrikt. Byane treng livskraftige distrikt – og distrikta treng sterke regionsenter og byar. Det er summen av kva vi skapar i heile landet som er grunnlaget for Noregs velstand og velferd.

Eit land med arbeid og busetjing over heile landet er fundamentet for eit sterkt fellesskap og for vår felles identitet. Difor er Arbeidarpartiet både byane og distrikta sitt parti. I generasjonar har vi vist at Noreg lukkast best når vi står saman. By og land – ikkje mann mot mann, men hand i hand.

Kommentarer til denne saken