Ny statsråd – same urovekkjande politireform

Jenny Klinge, Senterpartiet.

Jenny Klinge, Senterpartiet.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeserbrevDen nye justisministeren, Per-Willy Amundsen, skriv i eit svarinnlegg til meg at politireforma er ei «kvalitetsreform». Han tykkjer det er «underlig av en stortingsrepresentant å omtale en avgjørelse med et stort flertall på Stortinget bak seg for en «ansvarsfraskrivelse».

Eg for min del meiner det er meir underleg at stortingsfleirtalet ikkje er meir opptatt av politisk styring i ei så stor og viktig reform. Eg tykkjer vidare at det er underleg at Senterpartiet er omtrent aleine i det politiske landskapet om å påpeike at reforma ikkje er ei reell nærpolitireform. Det er tvert imot ei reform som fjernar nærpolitiet frå mange lokalsamfunn, og som gjer kriminalitetsførebyggjande arbeid vanskelegare. Avstandar er nemleg relevant, og Noreg er eit land med store avstandar.

Statsråd Amundsen skriv dette som argument mot åtvaringane mine om eit svekka nærpoliti: «Vi innfører en egen ordning med politikontakt for kommunene, som sikrer en aktiv deltakelse fra politiet i lokalsamfunnene. Det skal videre utformes ordninger for å stimulere til at polititjenestemenn bosetter seg spredt.»

Til dette vil eg svara: Alle veit at det å busetje seg ein stad er ei stor avgjerd. Politifolk vil på same vis som dei fleste andre bu nær arbeidsplassen. Når mange lensmannskontor blir nedlagte i løpet av 2017, vil det bli større avstandar til arbeidsplassen for mange politifolk, og dette vil ha noko å seie for kor det bur politifolk i framtida. Skal ein ta opp store lån for å kjøpe seg eller byggje seg hus, kan det hjelpe litt med «stimulerande» ordningar, men det aller viktigaste når ein skal satse slik, vil likevel vera avstand til jobben og at arbeidsplassen er trygg.

Når det gjeld ordninga med politikontaktar i kommunane som ikkje får ha eige lensmannskontor, er dette ei ordning som regjeringa og Politidirektoratet har sagt svært lite konkret om. Vi veit enno ikkje kva dette inneber i praktis. I verste fall handlar det om ein person som svippar innom kommunen ein dag eller tre i veka, som ikkje bur der, og som ikkje på langt nær kjem til å kunne få til eit så godt samarbeid med andre lokale aktørar som lensmannskontoret klarte.

Skular, frivillige organisasjonar, barnevern og kommunale etatar for øvrig har mange stader svært målretta og godt samarbeid med det lokale lensmannskontoret. Dette kan gå tapt når lokalt politi skal erstattast av ein «kontakt».

Krav om responstid er heller ikkje til å bli betrygga av. Øykommunen Smøla er eit døme. Lensmannskontoret der skal fjernast, slik det ligg an etter tilrådinga frå politimeisteren i Møre og Romsdal politidistrikt. Sjølv om innbyggjarane på Smøla ikkje utgjer meir enn 1 prosent av innbyggjarane i politidistriktet, har desse krav på polititenester og beredskap, og kommunen er like mykje ei øy no som før reforma.

Eg er ikkje trygg på at det er avklåra korleis beredskapen og eit godt førebyggjande arbeid både der og i fleire andre kommunar skal sikrast. Statsråden burde bekymre seg meir for dette og for innhaldet i kritikken som kjem frå oss i Senterpartiet enn for at regjeringa får kritikk.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags