Ulven i fåreklær

Frank Sve, gruppeleiar og fylkesleiar i Møre og Romsdal Frp.

Frank Sve, gruppeleiar og fylkesleiar i Møre og Romsdal Frp.

Av
DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

KUN 99 kr for ALT på nett.

LeserbrevI dagens media ser vi til stadighet Senterpartiet sin partileiar og andre, angriper dagens regjering. Det meste er galt. Men kva var realiteten når Senterpartiet satt åtte år i regjering, med minister for samferdsel, kommunal og landbruk?

Med Senterpartiet og landbruksminister ved roret har aldri fleire bønder lagt ned drifta si, aldri har meir dyrkajord blitt avhenda og aldri har lønnsutviklinga til bøndene vore dårligare.

Fleire hundre distriktsskular vart lagt ned, med Senterpartiet i førarsetet. Då var det ikkje mykje snakk om sentraliseringsspøkelset?

Kommuneøkonomien har aldri vore sterkare enn i dag, skatter og avgifter har vorte kutta, og satsinga på samferdsel er formidabel også i distrikta med dagens regjering.

Senterpartiet med sin samferdselsminister i spissen klarte å tvinge fylka til å ta over dei gamle riksvegane i 2010. Møre og Romsdal fylke måtte ta på seg eit vegvedlikehaldsetterslep på snart 7 milliard kroner. Men kritisere dagens regjering, det klarer Senterpartiet.

Debatten i dag foregår stort sett i tabloide vinklingar, heilt utan å sjå litt tilbake og faktisk huske på korleis dei raudgrøne partia Arbeiderpartiet og Senterpartiet dreiv landet. Når vi ser desse to partia sine idear og planar om kraftig auke i skattar og avgifter, auke i drivstoff og bilprisar, bør alle og en kvar tenke seg grundig om. Er det dette vi vil ha?

Nei, dagens Frp/Høgre-regjering leverer på område etter område og siste framlegginga av Nasjonal transportplan viser til dømes korleis vårt fylke skal byggjast dei neste åra.

FrP/Høgre-regjeringa sin samferdselspolitikk er også god distriktspolitikk. Trygge og gode vegar er eit svært viktig verkemiddel for auka aktivitet og busetnad også i distrikta. Dette er spesielt viktig for vårt fylke som er landets nest største eksportfylke. 

Løyvingane til samferdsel er no frå dagens FrP/Høgre-regjering skyhøgt over det nivået Senterpartiet i regjering presterte. Det viser seg også her at Senterpartiet i reell politisk posisjon, gjer noko heilt anna enn dei no seier i opposisjon.

Ulven i fåreklær, Senterpartiet, skal ikkje få ture fram utan at folk faktisk huskar tilbake på kva deira politikk eigentlig var og er: En politikk som panisk tviheld på gammalsosialistiske tankar, auka skattar og avgifter og auka byråkrati for folk flest.

Mest håplaust er det å sjå når Senterpartiet skal skyte all ulv, og kritiserer alt dei klarer å kritisere. Dei gløymer fort at det faktisk var Senterpartiet som var i førarsetet for å innføre dei lovene som Stortinget no må følgje i forvaltninga av ulv. Seriøst? Nei, men veldig tabloid og det viser kor lite seriøst dette partiet faktisk framstår.

<div id='outstreamvideo'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('outstreamvideo'); }); </script> </div>

Frp ønsker også å felle fleire ulvar, men dette må faktisk gjerast etter både nasjonale og internasjonale lovverk.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags