Tullball frå Høgre om politi

Jenny Klinge, stortingsrepresentant for Senterpartiet.

Jenny Klinge, stortingsrepresentant for Senterpartiet.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LeserbrevHårek Elvenes er tydelegvis på eit slags korstog mot Senterpartiet no før stortingsvalet i haust. Målet synest å vera å avkle både politikken vår og partileiaren vår, men det ender opp med at Elvenes og Høgre sjølv står rimeleg blotta tilbake.

For når vi advarer mot meir blåblå sentraliserings- og byråkratiseringspolitikk, er det fordi vi meiner folk fortener betre. Vi ønskjer å bevare og vidareutvikle det som er bra, og endre det som må endrast. Men når Høgre angrip vår politikk med å bagatellisere det dei sjølv driv med i regjering mot norske kommunar, norsk politi, lokalsjukehus m.m., stadfestar dei berre at dei ikkje evnar å sjå kva konsekvensane er av deira eigen politikk for folk rundt om i landet vårt.

Elvenes skriv dette i eit innlegg sendt til mange aviser: «Tilstanden i norsk politi bleavkledd i Senterpartiets regjeringsperiode. Gjørv-kommisjonens rapport konkluderte med at myndighetenes evne til å beskytte menneskene på Utøya sviktet.» Dette er grovt misbruk av Gjørv-kommisjonen sin rapport, verken meir eller mindre. Å dra inn denne rapporten for så å seie at norsk politi måtte omorganiserast og 126 lensmannskontor må leggjast ned – ja, det er å vise manglande respekt både for det rapporten handla om og for den norske lensmannsetaten.

Elvenes har meir på lager: «Senterpartiet svikter befolkningens trygghet, og partiet svikter politiet.» Ja vel? Kvifor kjem det inn massivt med støtteerklæringar frå politifolk rundt om i landet som meiner vi treffer blink når vi kritiserer politireforma? Det desse understreker overfor meg, er at noko viktig kjem til å gå tapt når 126 lensmannskontor no skal raderast vekk. Dette er særleg den gode førebygginga som er basert på nærheit, kjennskap til innbyggjarane og lokalkunnskap.

Dessutan ser regjeringa ut for å gi blankt blaffen i at folk mange stader skal måtte bruke ein dag på å skaffe seg pass når ein framover skal kunne få utstedt pass på langt færre stader. Har eit foreldrepar fire ungar og er skilte i tillegg (då må begge foreldra møte opp for å signere), blir det mykje unødvendig tidsbruk gjennom åra for at alle skal ha gyldige pass.

Senterpartiet ønskjer at viktige tenester og politiet skal vera nær folk. Ja, vi også ønskjer å satse på vakt- og patruljeteneste og på beredskap, men det treng ikkje vera ein motsetnad mellom god beredskap og nær, god førebygging. Høgre kan gjerne starte med å bruke mindre pengar på Politidirektoratet og meir på beredskapen.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags