Sosialisme eller kristentru

Av
DEL

LeserbrevI det siste har det kome fram ei tydeleg skiljeline i norsk politikk. Då tenkjer vi særleg på maratondebatten som nyleg var på Stortinget. Det starta med saka om pelsdyrnæringa, og det vart ein ganske kjenslelada debatt. Men paradokset var stort då spørsmålet om tvillingabort kom opp seinare på dagen. Mange av dei same som var opptekne av minken sitt ve og vel, kjempa no med like stort engasjement og glød for mora sin rett til å kunne abortere det eine av sine to tvillingfoster.

Under debatten var det eit hardkøyr mot regjeringa, og alle representantane frå dei sosialistiske partia stemte imot forslaget om å forby tvillingabort. Vi tenkjer at det er gledeleg at nesten alle representantane frå Sp stemte med regjeringa i dette spørsmålet. Det er no på tide at partiet kjem tilbake til den ikkje-sosialistiske blokka der dei eigentleg høyrer heime. I vår kristne tru har mennesket ein unik posisjon i skaparverket, og menneskeverdet er heilagt og ukrenkeleg.

Same veke vart også NRK sin Valgomat tilgjengeleg for folket. Honnør til NRK for gode og klargjerande spørsmål! Særleg ein av påstandane vart svært avslørande: «Kristendomen står for sterkt i undervisninga på norske skular». Her svara alle dei tre sosialistiske partia at dei er litt eller heilt enige i påstanden. Ikkje uventa fekk dei følgje av Venstre og MDG.

Vi i PDK ynskjer å gå motsett veg, og vi vil gjerne ha tilbake kristendomsfaget i skulen. Dei siste tiåra har det vore ein dramatisk reduksjon i undervisning om kristendom i norsk skule, og dersom venstresida får det som dei vil, vil kjennskapen til den kristne trua og vår kristne kulturarv bli nærmast utradert i neste generasjon. Sjølvsagt har foreldra også ei viktig rolle å spele her, men vi må ikkje undervurdere skulen si sentrale rolle når det gjeld samfunnsutviklinga.

Så til ein konklusjon. «Religion er opium for folket», sa Karl Marx. Det var truleg særleg kristentrua han hadde i tankane. Vi synes det er trist at Marx sine etterfølgjarar her på berget framleis er låst til ei slik stereotyp oppfatning om kristentrua. Vi i PDK tenkjer at det fyrst og fremst er den gode, gamle kristentrua som har gitt oss dette trygge og gode samfunnet som folk flyktar til, og ikkje frå. Her passar det å avslutte med nokre ord frå vår gode konge, Haakon den 7.: «Det eneste som kan redde verden ut av vanskeligheter og alt det onde, er å vende tilbake til den gammeldagse kristendom med de kristne verdier, som må gjennomsyre et folk hvis vår kultur skal bestå.»

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags