Sett bonden fri eller i fritt fall?

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

MeningerDet er ein alvorleg situasjon landbruket er – og har vore i. Andel gardsbruk er redusert med 40% de siste 25 åra. Det er faktisk så ille at det har blitt lagt ned 7 gardsbruk dagleg dei siste 55 åra. I tillegg slit man med rekrutteringa – og med ein gjennomsnittsalder for ein bonde på 54 år så er dette ei stor utfordring. Eit stikkord alle politiske partia på Stortinget er einige om er nyrekruttering. Korleis man skal få det til derimot er det ulike meiningar om.

Konsesjonslova og priskontrollen for landbrukseigedommar har over for altfor lang tid vore prega av ei uvisse. Over ei lengre periode har det vore varsla at konsesjonslova skal fjernast og over lang tid har lovforslaget om å oppheve priskontrollen vore i Stortinget. Handteringa frå regjeringa har bidratt til ei enda sterkare uvisse om forvaltninga av dagens regelverk. Blant anna gjennom eit rundskriv som blei sendt frå Landbruksdepartementet om å nærmast sjå vekk i frå lova. No ser det ut til at konsesjonslova fortsatt vil bestå – men med ei løysing der priskontrollen vil bli begrensa i enda større grad. Innslagspunktet skal no gjelde for 3.5 millionar kroner i overdragelsessum ved ovedragelse av eigedom med bolighus og arealgrensa fastsettast til 35 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord ved overdragelse av ubebygd eigedom. Når grensa auker vil anslagsvis 70% av landbrukseigedommane i Noreg vere unnateken priskontroll og buplikt. Verkemiddelet er så å seie satt ut av spel.

Arbeidarpartiet er klare på at det ikkje er aktuelt å fjerne konsesjonslova. Vi ser prisregulering som eit sentralt verkemiddel for å sikre eigarskap, rekruttering, langsiktige arbeidsplassar og god resurssforvaltning. Vi er likevel opne for forenkling – og liberalisering i eigedomslovgivinga, for å stimulere til at fleire kan etablere seg og investere i primærnæringane.

Å innføre priskontroll etter å ha fjerna den vil politisk vere nærast umogleg, når marknaden har tilpassa seg til dei nye rammeforutsetnadene. Det er dessutan berre ein mogleg effekt av å fjerne priskontroll – og det er at eigedommane stig i pris. Ei prisstiging som vil påverke heile marknaden. Dyrare inngangsverdi for yngre som vil satse på landbruk og skogbruk var vell ikkje det vi ønska oss når vi snakka om å sikre rekruttering og lønnsemd for dei som vil satse?

Vi vil ta heile landet i bruk – og bygge opp under at vi også i framtida skal ha matproduksjon over heile landet. Dette er noko som også er viktig for den norske forbrukaren. Kanaliseringspolitikken må vidareførast for å sikre at egna areal over heile landet kan takast i bruk til matproduksjon, noko som gir ein mest mogleg optimal utnytting av det samla produksjonsgrunnlaget. Det må fortsatt gis tilskot for å gjere det lønnsomt å drive småskala-landbruk i marginale områder. I tillegg er det viktig å stimulere tilstrekkeleg volum i alle produksjonar, noko som er viktig for næringsmiddelindustrien.

Eg er særleg oppteken av matpriser. Som student kjenner eg særleg på at det kan knipe på krona. Likevel så ser eg på matvareprisane i Noreg som rimelege. Ei gjennomsnittleg norsk husholdning bruker 10% av inntekta si på mat. ¼ av dette blir kasta. Då er det lite som indikerer at maten er på eit for høgt prisnivå. Likevel så ser man at for mykje av fortenesten blir liggande i ein del av kjeda, mens dei som eigentleg skulle hatt meir, er primærprodusentane. Når det blir sagt at man treng meir konkurranse i landbruket, så er man etter mi meining ikkje rett navla. Norsk matvareindustri er prega av høgt prispress, stor konkurranse – og høg sentralisering av matvarekjedene.

Eg er oppteken av den effektive konkurransen, som skal sikre oss god kvalitet til konkurransedyktige priser. Når juleribba kostar 19,90,- så er det noko som har gått galt i korleis man verdsetter god mat og kvalitet. Eg har tru på at man i større grad må gå inn med mykje sterkare verkemiddel. Matvarekjedene er i stor grad konsentrert rundt tre familiar i Noreg pluss ein liten miniputt. For å ha ein effektiv konkurranse, så er det viktig å bygge opp forbrukermessige reiskap. Eit godt eksempel er daglegvareportalen som er vedteken i Stortinget som blant anna skal gi informasjon om pris, opphav og kvar vara kan kjøpast.

Landbruket blir i mange samanhengar framstilt som bakstreversk. Det er ikkje tilfellet! Det har vore en betydeleg produktivitetsvekst i landbruket i Noreg dei siste 30 åra – der vi produserer like mykje mat – med halvparten antall arbeidarar. Er det noko man ikkje er plaga med, så er det produktiviteten i landbruket som er ein av dei næringane i Noreg som har klart å snu ein vanskeleg situasjon – og bli meir produktiv i større grad enn mange andre næringar.
Landbruk er ein viktig samfunnsbygger som er sentral for at man også skal ha busetting og aktivitet i distrikta. Den speler ikkje minst ei viktig samfunnsrolle, med f.eks. «Inn på tunet» som er ei velferdsordning der både pasientar med demens og folk frå Kriminalomsorgen har deltatt, med gode resultat. Gitt dei kapasitetsmessige utfordringane man står ovanfor i ein slik sektor burde det her vore tatt meir initiativ frå regjeringa si side. 

Vi har – og kjem fortsatt til å ta i mot ein del flyktningar. I næringskomiteen på Stortinget, forsøkte Ap, Sp og SV å få til ei ordning der flyktningar blant anna kunne få arbeidstrening ved å få utplassering på gard. Dette hadde vore ein «vinn-vinn» situasjon for alle parter med omsyn til mottak, busetting og integrering. Diverre så nådde heller ikkje dette fram. 

Aktivitet i distrikta er vel også noko ein roper om i desse tider med kommunesamanslåing og såkalla «robuste kommuner».

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags