KrFU fylkesleiar: Kvifor eg støttar Pride

Henning Holsvik, fylkesleiar Møre og Romsdal KrFU.

Henning Holsvik, fylkesleiar Møre og Romsdal KrFU.

Av
DEL

LeserbrevDenne helga gjekk Ålesund Pride av stabelen. I høve dette registrerte eg at fleire ytrar seg mot Pride, av ulike grunnar.

Ein gjengangar i argumentasjonen er organisasjonen FRI sin ideologi. Som blant anna vil bryte ned normane rundt seksualitet, tillate surrogati, egg/sæddonasjon, ekteskap med fleire partnerar (polygami) m.m. Eg er nok på lik linje med både Marit Johanne Bruset (Spesialist i klinisk psykologi) kritisk og skeptisk til delar av agendaen til FRI. Ho og fleire andre kritiske røyster har hatt innlegg i Sunnmørsposten dei siste vekene.

Eg er motstandar av surrogati, sterkt skeptisk til egg og sæddonasjon, spesielt anonymt. Og stiller meg kritisk til det inntrykket eg får av FRI sitt ynskje om å tillate blant anna polygami (i dei tilfella barn er involvert). Her stiller eg meg bak barnekonvensjonen sin artikkel 3 om barnets beste. Kort oppsummert fortel den at :«Vaksne skal gjere det som er best for barn.».

Det er alltid born og borna sine behov som kjem i første rekkje. Ikkje vaksne sine behov. Born er avhengige av trygge og stabile forhold under oppveksta (eg vil presisere at denne vurderinga er knytta mot både heterofile og homofile, også i spørsmålet rund donasjon og surrogati). Også på dette området støttar eg Bruset i sin vurdering.

Så langt er eg på lik bølgjelengd med fleire som vel å ikkje støtte eller delta i Pride. Og eg forstår grunnlaget deira og respekterar det. Men, det er er her eg skil meg ut. Det gjer meg ufatteleg trist å høyre om dei utallige forteljingane om personar som mobba, utsatt for vold, jaga frå bygda, og til og med drept på grunn av sin legning.

Sjølv om eg er ueinig i delar av idelogien og måla FRI jobbar for, har Pride mål eg kan stille meg bak. Nemlig nestekjærleik, mangfald, respekt og toleranse.  Dette er mål som er såpass vikteg at eg meir enn gjerne støttar opp, til trass for mi usemje med FRI som arrangør. På same måte som at eg kan vere einig med ulike parti i ulike saker i politikken. Det hender av og til at heilt ulike parti finne eit felles prosjekt som alle kan støtte, sjølv om ein ellers står langt ifrå kvarandre politisk.

Pride er nettopp eit slikt felles prosjekt, noko som gjenspeglar seg i engasjementet. Eg støttar Pride, med den grunn at eg gjer det i solidaritet med dei som blir forfylgt, trakassert og diskriminert på grunn av si legning. Eg vil klart seie ifrå at eg tek avstand frå det hat som homofile, lesbiske, bifile og transpersonar blir utsett for. Eg vil ikkje stå stille og sjå på at mine medmenneske skal bli mobba, ekskludert, diskriminert eller utsett for hat og vold.

For meg handlar nestekjærleiken og menneskeverdet nettopp om å bry seg om andre. Å våge å stå opp for rettferd, respekt og toleranse.

Eg støttar Pride, og eg applauderer det fantastiske folkeengasjementet som tydelig viser at både by og bygd er for alle. Eg støttar ikkje alt FRI står for. Men eg støttar lett Pride og kampen mot diskriminering. For meg er det kampen om menneskeverdet og nestekjærleiken som står sterkast.

Dette støttar resten av fylkesstyret i KrFU. Og eg veit også om mange kristne og KrF-arar som også gjer det samme.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags