«Møreaksen historie, og Romsdalsaksen eller ferje einaste alternativ?» Skal vi tru på fylkesrådmannen sine framlegg, der Statens vegvesen vert brukt som sannhetsvitne ang Nordøyvegen,  er nok Møreaksen historie.  Fylkesrådmannen radbrekk sitt eige fylke på eit vis, som i hvert fall gjer det totalt umogeleg å kunne sjå føre seg at Møre og Romsdal fylkeskommune, skal vere i stand til å stille bankgaranti for Møreaksen på 30-40 milliardar kroner.

Jau, for det er slik. Fylkeskommunen må stille bankgaranti for eit framtidig riksvegprosjekt over Romsdalsfjorden. Og alle ser no at det kan en berre gløyme, raskast råd.

Er då flytebruer, Romsdalsaksen eller ferjer einaste alternativet for kryssing av Romsdalsfjorden? Ja, mykje tydar på det.

Fylkesrådmannen viser i ein gjennomgang med visning til STVV at alle prosjekt her i landet vert ca 20 prosent dyrare frå anbodsutlysing til ferdigstilling. Frå før veit vi at dei fleste prosjekt vert cirka 40 prosent dyrare frå anslag reguleringsplan til ferdigstillelse. Sjølve fjordkryssinga over Møreaksen er sett til 14,4 milliardar kroner frå selskapet sjølv. Om dette er meir som «tenk på eit tal» kan mykje tyde på, med bakgrunn i erfaringstall frå anboda på til dømes Rogfast. Ingen klarer å begripe at tilsvarande tall for Møreaksen ikkje skulle vere gjeldande, og at kostnadane for Møreaksen såleis for sjølve fjordkryssinga må bli godt over 20 milliardar kroner.

Det samme er tilbakemeldingar med spørsmål om realisme frå andre svært tunge fagmiljø rundt omkring i landet. På Rogfast skal tunnelen, firefelts, på 390 meters djup, koste cirka 17 milliardar kroner, den er 27 km lang. Omregna til Møreaksen sin 16 km tunnel, vil denne bli omlag 10 milliardar kroner. I tillegg skal det byggjast den tredje lengste brua i Verda over Julsundet, som antageligvis ikkje kjem til å koste ei krone under 10 milliardar.

Med Guttelvik sine tall angåande Nordøyvegen, vil dette som då sjølvsagt også må gjelde for Møreaksen, raskt kome opp i 24 milliardar kroner berre for fjordkryssinga, det vil seie minst 20 prosent dyrare. I tillegg kjem sjølvsagt enorme kostnadar på land både sør og nord om sjølve fjordkryssinga. 37 milliardar kroner, som står i NTP, er nok ikkje langt ifrå sanninga.

Så kan en berre «drøyme» om å legge inn «Guttelvik-metoden» med nytt busstilbud, store vedlikeholdskostnadar og livsløpskostnad med dertil rehabiliteringskostnadar på mangfoldige milliardar kroner.

Mange uttalar seg om at Møreaksen ikkje er ei sak for fylkeskommunen, men slik er det altså ikkje.  Fylkeshuset og dei som vandrar i gangane der, har ivrig støtta opp om Møreaksen, no trur eg dette prosjektet indirekte har fått «to torpedoer midtskips» frå det same fylkeshuset. Bankgaranti til Møreaksen på fleire titals milliardar kroner kan alle berre gløyme snarast råd.

Så får vi berre utrede det mykje billegare alternativet med flytebruer og Romsdalsaksen, og kanskje vert ekstra nullutslipsfartøy/ferjer alternativet som vil presse seg fram over Romsdalsfjorden.