Krokfot på pensjonistane

Ragnhild Lied, Unio-leiar.

Ragnhild Lied, Unio-leiar.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.For tredje året på rad blir Stortingets intensjon om at pensjonistane skal ha halvparten av realveksten for lønnstakarane neglisjert. Pensjonistane har blitt hengande urimeleg etter, og taper kjøpekraft.

Det har nok også regjeringa innsett. Men i staden for å «forhandle» med organisasjonane, kom regjeringa med standardsvaret sitt: Skattelette. Denne gongen gjennom revidert budsjett, der det blir foreslått å heve minstefrådraget for pensjon.

Statsråd Hauglie, som har ansvaret for trygdedrøftingane, hevdar likevel hardnakka at pensjonistane har fått eit løft. Ho viser til at alderspensjonane har hatt ein realvekst på fire prosent sidan 2010. Men då burde ho også ta med at i same periode har reallønnsveksten vore på 13,7 prosent.

Pensjonsreforma la rett nok opp til at pensjonane skulle underregulerast, lønnsvekst minus 0,75 prosent. Men den gongen var reallønnsveksten klart høgare enn han har vore dei siste åra. 2017 blir det tredje året på rad med reell nedgang for alderspensjonistane. Det var ulike syn på underreguleringa den gongen, men knapt nokon såg for seg at pensjonistane år etter år skulle straffast med nedgang i kjøpekraft. Dette svekker tilliten til pensjonsreforma og til politikarane.

Pensjonistane kjem ekstra dårleg ut i 2017 fordi regjeringa meiner at dei fekk for mykje i 2016! Lønnstakarar flest fekk i 2016 ein lønnsvekst på moderate 2,4 prosent. Men fordi mange høglønte i oljerelaterte næringar miste jobben det året, blir gjennomsnittslønna i statistikken lågare. Og vips så kan nasjonalrekneskapen operere med ein «målt» lønnsvekst i 2016 på 1,7, prosent. Skilnaden på 0,7 prosent blir så brukt til å straffe pensjonistane gjennom krav om tilbakebetaling i år. Dette er å sette krokfot på pensjonistane. Gult kort!

Det osar dårleg samvit av forslaget om å auke minstefrådraget for pensjonsinntekt. Det er mogeleg regjeringa trur at det meste kan fiksast gjennom skattelette. Så lettlurte er ikkje pensjonistar flest. Dei ser nok at dette er eit forsøk på å gå rundt drøftingane, og at regjeringa på den måten prøver å sparke bein både på hovudorganisasjonane og på pensjonistorganisasjonane.

Unio har foreslått å regulere pensjonane med gjennomsnittet av lønns- og prisvekst. Dette ville vere meir ryddig, det ville vere ei forenkling, og ikkje minst - det ville oppfylle stortinget intensjon.

Stortinget bør difor sette inn ei kontant, men rein, takling på regjeringa under behandlinga av revidert budsjett! Rydd opp – gi pensjonistane det dei rettmessig har krav på!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags