Kirka og nynorsk

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LeserbrevI det siste er spørsmålet om forvaltningsspråk i Møre og Romsdal igjen kome på dagsorden. Møre og Romsdal fylkesting skal no i april gjere vedtak om nynorsk framleis skal vere administrasjonsspråket eller om fylkeskommunen skal vere språknøytral.

Som ein regional offentleg aktør er også Møre bispedøme oppteken av språk, både som kyrkjeleg administrasjonsspråk og i det gudstenestelege livet. Då er det viktig å vere medviten om den tradisjonen ein står i, og å tenkje gjennom kva som dannar gode og tenlege språklege rammer i dag.

Språkfakta 2015 frå Nynorsk kultursentrum viser at kyrkja er den samfunnsinstitusjonen i Noreg som har den klåraste språkpolitiske praksisen. Nynorsken står relativt sterkare i kyrkja enn i andre delar av samfunnet.

For dei aller fleste i Møre og Romsdal er det naturleg å nytte dialekt i samtalen og nynorsk i skriftspråket. Dette er den gode reiskapen for kommunikasjon. Med bakgrunn i dette og med utgangspunkt i mållova har Møre bispedøme heilt frå starten nytta nynorsk som sitt administrasjonsspråk. Denne praksisen står fast. Det vil vere eit stort tap om nynorsk blir svekt i Møre og Romsdal, anten det gjeld i kyrkje, skule, samfunnsliv eller forvalting. Styreleiaren i Nynorsk kultursentrum, Lodve Solholm, seier det slik: «Å halde fast ved nynorsk som administrasjonsspråk her i nordvest handlar om identitet, folkestyre og å skrive så folk forstår».

Rikdom for kyrkja

Nynorsk er ein stor rikdom for kyrkja i Møre. Heilt sidan målforma kom i bruk har den vore ei progressiv kraft i kyrkja. Å kunne lese Bibelen, be bøner og synge salmar på sitt eige mål er ein rett som steg for steg er kjempe fram gjennom meir enn hundre år. Det er viktig å vere klar over denne arven.

I det kyrkjelege hierarkiet, med sitt tradisjonstunge kansellispråk, var det lenge sterk motstand mot landsmålet. Biskopar og Det Norske Bibelselskap likte målstrevet dårleg. Kyrkja ber på ein lite ærefull arv her.

Den språklege fornyinga hang tett saman med kampen mot embetsmannsstaten og for utjamning, sjølvråderett og folkestyre. Desse fornyingskreftene skaut fart mot slutten av 1800-talet og dei følgjande tiåra.

Etter kvart gjorde somme kyrkjelege aktørar felles språksak med dei politiske og kulturelle endringskreftene. Landsmålet vart derfor ikkje berre ei kampsak for radikale fritenkjarar og den frilyndte ungdomslagsrørsla, men samla fleire motkulturar under sin fane.

Dei lågkyrkjelege miljøa såg først ottefullt på landsmål-aktivistane, men med tida

forsvann mykje av motsetnadane. Nynorsk fekk innpass på bedehuset. Kanaans språk fekk nynorsk form. Under påverknad av leiarar som Ludvig Hope, Matias Orheim og Trygve Bjerkreim vart nynorsk eit verktøy i kampen for det myndige lekfolk. Mange av lekmannsrørsla sine bedehus vart i praksis arenaer for språkleg utjamning.

Hjartespråket

«Tilhøvet mellom språk og tru er samansett, intimt og sårbart», skriv Berge Furre. «Både språk og religion har med identitet å gjere, og religion kan ikkje løysast frå tradisjon». Det fleire hundreår gamle bibelspråket og dei tunge salmane i dansk drakt var både snirklete i forma og rike på vers, men for allmugen var dette kjent og kjært og hylla seg inn i tradisjonens vektige autoritet.

Etter kvart som landsmål vart jamt meir nytta i både bibeltekstar, bøner, salmar og åndelege songar, leidde dette sakte til at nynorsk vart hjartespråket for mange truande. Når gudstenestene vart haldne og salmane sungne på det målet folk i benkane brukte i kvardagen, var det mangt som vart klårare.

Nynorsk-salmane bana vegen for den første nynorske gudstenesteliturgien i 1907. Den første heile bibelomsetjinga på nynorsk kom i 1921. Nynorsk salmebok blei godkjend til kyrkjebruk i 1926. Slik vart nynorsken kristna.

Då Bibelen på nynorsk i omsetjing frå grunnspråket kom i 2011, var dette ei svært viktig hending, som vart markert ved Nynorsk kultursentrum. Bibelen er ei bruksbok, og den må kunne lesast på hjartespråket til folk. Språket er i utvikling, og det må også bibelspråket vere.

– Fordi nynorsk oppstod ut frå ein heilt annan språkleg fridom enn det tradisjonsbundne riksmålet, er fornyinga av det norske bibelspråket heile tida kome frå nynorsk, meiner teologen og historikaren Anders Aschim. Å rydde rom for nynorsk i kyrkja var å føre kyrkja heim – så ho kom nær, seier Berge Furre.

Nynorske salmar døropnar

Nynorsken vart sungen inn i kyrkja. Blix-salmane var døropnaren for nynorsk som kyrkje- og kulturspråk. Ingen stader i landet fekk Elias Blix sine nynorske salmar så tidleg og så breitt gjennomslag som i Møre og Romsdal. Med sterk medverknad frå m.a. prestane og møringane Johannes Barstad, Bernt Støylen og Anders Hovden, fekk kyrkja ein nynorsk salmeskatt som i dag er elska over heile landet. Og Møre var tidleg eit kjerneområde.

Kven kan tenkje seg kyrkjelege og nasjonale festdagar utan å syngje Gud signe vårt dyre fedreland eller Fagert er landet? Med utgangspunkt i kvardagslivet skreiv Støylen «Gud signe vårt folk der dei siglar og ror». Nynorske salmefornyarar med røter i Møre held denne arven levande den dag i dag.

Naturleg

I Møre bispedøme i dag nyttar 3 av 4 sokn nynorsk. I gudstenestelivet er nynorsk den naturlege forma for dei fleste; i skriftlesing, i liturgi, i bøner og i salmesong. I Norsk salmebok (2013) er fire av ti salmar på nynorsk!

Ikkje alle stader i bispedømet opplever kyrkjelydane det like naturleg å bruke nynorsk. I byane og nordover i bispedømet er bokmål ein del nytta. Men nynorsk har sterke tradisjonar også i store delar av Romsdal og Nordmøre.

Samstundes som vi held fast ved den språklege arven i bispedømet, trur vi på rikdom i uttrykk. I kyrkja i Møre er det ikkje spenning, motsetnad eller avstand mellom nynorsk- og bokmålsbrukarar. Tvert om opnar målformene for mangfald og fornying og femner mennesket sine mange livs- og trusuttrykk.

Funksjonelt

Nynorsk er også Møre bispedømeråd si administrative språklege form. Det er historisk grunna. Det er naturleg. Som forvaltningsspråk er nynorsk funksjonelt og tenleg. Godt brukt er det klårt, kort og fyndig. Nynorsk svekkjer ikkje forvaltninga, men styrkjer den. Alle lærer bokmål i kraft av dominansen målforma har på så mange samfunnsområde. Nynorsk utvidar kompetansen til medarbeidarane. Den avgrensar den ikkje. For den som ønskjer meir opplæring finst det utmerkte språklege nettressursar og andre opplæringstilbod. Det er ingen vinst ved å erklære seg språknøytral, men det er store vinstar ved å nytte eit godt og tenleg moderne nynorsk som forvaltningsspråk.

Umisteleg

Vi som skriv dette har alle bakgrunn frå område i landet der nynorsk ikkje står like sterkt som i Møre og Romsdal. Kanskje gir dette oss ei betre forståing av den eigenverdien det språklege mangfaldet i Noreg representerer? I Møre ser vi betre korleis dialekt, målform og folk høyrer saman. Dette er ein umisteleg verdi.

Møre og Romsdal ber på ein rik og verdfull nynorsk arv. Vi må ikkje skusle vekk denne arven, men forvalte den godt. Det gjer vi ved å kjenne historia og ved å bruke målforma. Slik sikrar vi eit stabilt språkleg mangfald i kyrkje og samfunnsliv.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags