Hugs på nynorskbrukarane i Aure!

Foto:

Av
DEL

MeningerNeste år er det kommuneval, og lokalpartia i Aure er allereie i gang med å skriva programma dei skal gå til val på. Norsk Målungdom si oppmoding til partia i Aure er klar: Hugs på nynorskbrukarane!

I Aure er det lange tradisjonar for nynorsk, og mange som føretrekk det. 70 prosent av elevane har nynorsk som opplæringsspråk, og over 1000 personar har vald å få skattemeldinga på nynorsk. Samstundes er det strukturar som gjer det vanskelegare å vera nynorskbrukar enn det burde vera: Det er lite nynorsk i riksmedia, lite nynorsk frå staten, og nynorskbrukarane er i mindretal nasjonalt. Dette fører til at det ikkje er like lett å vera nynorskbrukar som å vera bokmålsbrukar.

Lokalpartia kan velja om dei vil at Aure skal vera éin av strukturane som gjer det vanskeleg å vera nynorskbrukar, eller om dei heller vil vera ein medspelar. Kommunevalet er eit framifrå høve til å styrkja nynorsken. Då må gode språkpolitiske løysingar inn i valprogramma! Me har tre konkrete tiltak som vil gjera det lettare å vera nynorskbrukarar i Aure.

Eit konkret tiltak som ikkje kostar ei krone er at Aure kan krevja at staten skal bruka nynorsk i deira område. Det er ein rett kommunen har, og som fører til at skilting, statlege skriv og alt anna staten gjer i Aure kjem på nynorsk. Dette vil føra til at nynorsk vert eit meir synleg språk i Aure, og at det vert meir nynorsk i kommuneadministrasjonen – utan at kommunen treng å skriva eit ord ekstra sjølv.

Ein god måte å få orden på språkbruken internt i kommunen, er å vedta ein språkbruksplan. I Aure er det for mange gode grunnar til å bruka nynorsk til å lata vera. I ein språkbruksplan kan partia styra korleis kommunen skal veksla mellom nynorsk og bokmål, som å setja seg eit prosentmål eller avgjera kva dokument som skal vere på kva språk. Det er lurt sjå arbeidet med nynorsk saman med mål om at Aure skal bruka klart og godt språk som innbyggjarane forstår. 

I fleire og fleire skular tek nettbretta og appane over for læreboka. Men for ofte vert det gløymt at nynorskelevane har rett på digitale læremiddel på opplæringsspråket sitt. Etter opplæringslova skal alle læremiddel koma i på nynorsk og bokmål, men i den digitale skulekvardagen bryt mange produsentar og skular lova. Difor bør Aure vedta at dei ikkje skal ikkje kjøpa inn og nytta digitale læremiddel ikkje finst på nynorsk. Dei bør gje klar melding til tilbydarar om at kommunen ikkje kjøper inn læremiddel og kontorstøtteprogram som ikkje finst på nynorsk. Slik kan Aure bruka marknadsmakta si til å gje nynorskelevane ei digital, nynorsk skulekvardag.

Norsk Målungdom vil at det skal vera like lett å vera nynorskbrukar som å vera bokmålsbrukar. Slik er det ikkje i dag. Om lokalpartia i Aure vedtek og gjennomfører desse tre tiltaka, vil kommunen ta eit langt steg i rett retning.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags