Verdigheit og truverd i sak om Nordøyvegen

Av
DEL

LeserbrevDet er på tide for fylket sin administrative og politiske leiing å erkjenne at ein må møte veljarane med respekt og rett grunnlag om Nordøyvegen. Om ein ikkje klarer å framstå med integritet i ei så viktig og framtidsretta sak som Nordøyvegen, så er ein heller ikkje eigna til å leie fylket. I administrativt arbeid må ein legge vinn på å vere grundig og upartisk. Som politikar bør ein kunne stole på administrasjonen, men også evne å sjå løysningar for å få gjennomslag for utvikling og vekst. Kva skjer dersom politikarane får feil grunnlag i hendene av sin eigen administrasjon, og i tillegg nyttar dette til å spreie villeiande informasjon.

I eit intervju publisert 20.11.18 i Sunnmørsposten, med Geir Strand uttrykkjer fylkesordførar Jon Aasen følgjande på spørsmål om fylkesadministrasjonen sitt reknestykke om Nordøyvegen:

– Han betviler ikke tallene som fylkesadministrasjonen har lagt fram.

«Det er kompetente folk som har jobbet med dette i mange år. I tillegg er det eksperter utenfra i Atkins-Oslo Economics som over lang tid har kontrollregnet på dette. Da kan vi ikke si at alt dette er feil, for så bare å finne opp egne tall. Vi kan ikke holde på slik.»

– Aasen legger ikke skjul på at han er provosert og at han misliker kraftig hvordan debatten om prosjektet har utviklet seg.

I det samme intervjuet raljerer han over samferdselsutvalget sitt forslag om finansiering av Nordøyvegen som et «religiøst dokument, bygd på tro og håp.»

Dette med tru og håp vil eg kome attende til mot slutten av innlegget.

Den 19. november var eg på fylkeshuset i Molde. Det var gruppemøte i forkant av Samferdselsutvalsmøtet same dag. Ein representant frå Deloitte, samt eit styremedlem frå Nordøyvegen AS hadde bedd om å få kome på gruppemøtet til Arbeiderpartiet for å få orientere om si økonomiske framstilling av prosjektet. Då dei kom inn hadde allereie administrasjonen orientert gruppa om sitt reknestykke. Representantane frå Deloitte og Nordøyvegen opplevde det som vanskeleg å få kommunisert sitt bodskap, då administrasjonen kommenterte og braut av undervegs. Mellom anna ynskte Deloitte igjen å åtvare mot metodefeilen som administrasjonen no må ta innover seg.

Seinare ynskte eg å lytte til debatten i Samferdselsutvalet. Der kom vi ikkje inn, verken ordførarar, gruppeleiarar, representantar frå Nordøyvegen eller andre interesserte. Grunngjevnaden var utelukkande kapasitetsproblematikk grunna at administrasjon og presse måtte ha forrang. Det vart orientert om streaming av møtet i ei anna etasje. Der fungerte ikkje lyden. Etter lang tid, og godt inne i møtet, fekk vi kome opp på gangen utanfor. Det var vanskeleg å følge debatten. Dette skulle vere eit ope møte.

Det har altså ikkje stått på mangel av tilbod om viktig og justerande informasjon til administrasjonen om finansiering av Nordøyvegen. Det verkeleg problematiske er at det feilaktige talgrunnlaget har fått forgifte debatten. Politikarar har blitt pressa på dette grunnlaget, det har blitt sett opp oversikter over JA-politikarar, NEI-politikarar og dei som framleis er uvisse. Elevar og skular har markert skepsis til Nordøyvegen ut i frå administrasjonen sitt feilaktige finansieringsgrunnlag. Debatten har nørt opp under fogderistrid og polarisering. Det kan synast som om mange trur at finansieringa til Nordøyvegen kan brukast til skule eller andre oppgåver. Det stemmer ikkje. Les gjerne om dette på HNIforum.no/nordoyvegen.

Taldelen i denne debatten vert no godt kommentert av ekspertise innan finansmiljøet. Eg viser mellom anna til artikkel i Sunnmørsposten 5.desember, der finansprofessor Thore Johnsen kommenterer, og peikar på at administrasjonen si nye analyse framleis ikkje held mål:

«Beregningen må åpenbart være gal. Dette blir pinlig».

Likevel er eg mest av alt opptatt av å påpeike det moralske dilemmaet i saka. 

Når både sentrale politikarar, menneske i maktposisjonar og administrasjon har påverka folkemassene til skepsis om Nordøyvegen, korleis skal dei rette det opp? Kan det rettast opp? Eg les at Frank Sve seier at prosessen rundt Nordøyvegen har blitt eit demokratisk problem. Det er eg samd i. Tilliten er borte. Eg les og at fylkesordførar Aasen er opptatt av ettermælet sitt. Han bør då sporenstreks be om orsaking til fylkespolitikarar som er blitt sett i ein vanskeleg situasjon. Dei skal fatte vedtak om kort tid, medan administrasjonen, i følge finansekspertise, få dagar før fylkestinget feilreknar vidare. Er denne saka godt fagleg opplyst, Jon Aasen? Har administrasjonen tatt godt i mot viktige innspel? Er ordføraren takksam for at feil vert korrigert? Eg høyrer deg ikkje.

Vidare bør ordføraren på vegne av sitt embete og sin stab be om orsaking til dei gruppene dette råkar mest: Ungdom som baserer sin kritikk mot Nordøyvegen på feil grunnlag. Eg er lærar sjølv og misliker at unge menneske blir ført bak lyset til å forfekte standpunkt dei ikkje kjenner djupna i. Vidare vil eg påpeike at debatten i liten grad har tatt opp i seg det medmenneskelege perspektivet. Folk på Nordøyane har knytt tru, håp og framtid opp mot vegen som fylkespolitikarane har støtta gjennom vedtak. På bakgrunn av «worst case» analyser og administrasjonen sine metodefeil har dei til fulle fått kjenne på å måtte bli framstilt som hinder for utvikling for fylket. Den samfunnsmessige gevinsten av eit framoverlent næringsliv på Nordøyane, og infrastruktur som berande element for ei vellukka implementering av arbeidsmarknadsregionen Nye Ålesund har blitt underkommunisert i denne prosessen.

Eg håper politikarane no set seg grundig inn i finansieringa av Nordøyvegen med mål om å samle seg, og bringe prosjektet vidare. Eg trur nok at det kan bli etterspel etter administrasjonen si handtering av denne saka. Rollefordelinga mellom administrasjon og politikk bør vere eitt tema, og kommunikasjonsflyten like eins.

Eg vil runde av med å sitere ein god ven av meg, Arild Kjerstad, busett på Frøya. Han er styreleiar i Åkerblå, eit selskap som veks i takt med utnyttinga av havrommet:

«Muligheten staten har gitt oss med å kunne bruke fergesubsidier til finansiering av samferdselsutbyggingen er en gavepakke. Dette må Dere politikere må benytte dere fullt ut av. Det er en fantastisk mulighet til å gjøre fylket vårt til et mer effektivt samfunn og et bedre fylke å bo i.

Det er svært viktig at Dere politikere ser denne muligheten for fremtiden for regionen vår. Dere må ikke ødelegge dette med en «fogderistrid» mellom nord og sør. Det ganger ingen av oss.

Se muligheten, stå sammen og si JA til bygging av Nordøyveien. Brett så opp armene og gå løs på å sette i gang flere prosjekter nord og sør i det fantastiske Fylket vår. Det er fremtidsrettet.

Godt valg den 11. desember»

Eg sluttar meg til dette. Tru, håp, integritet og styrke er framleis nøkkelord for den utviklinga vår landsdel er kjent for.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags