Tilsvar til Leiaren i Tidens Krav i dag; Det er ikkje sidrumpa nissa, som har bygd verken fylket eller landet

Frank Sve vil ikkje være med i  kategorien «sidrumpa nissa».

Frank Sve vil ikkje være med i kategorien «sidrumpa nissa». Foto:

Av
DEL

LeserbrevTidens Krav har ein leiar i dag, der dei og har stor interesse av Frank Sve og Frp.

Når det er sagt, så hadde det vore ein fordel at TK gadd å opne dokumenta og faktisk forsøke å setje seg inn i Nordøyvegsaka.

Det er ingen tvil om at fortsatt ferjedrift med utlysing av nye anbod for null- og lågutslippsfartøy, med bygging av nye ferjekaier og strømtilførsel, er vesentleg dyrare enn å bygge Nordøyvegen.

Låneopptak til Nordøyvegen er sett til 2,9 milliardar kr inkl. 745 mill. kr i usikkerhetsavsetnad.

Dagens ferjedrift kostar årleg netto 75 mill. kr. Over 40 år er dette 3 milliardar kr.

Nye ferjekaier er etter fylkesrådmannen sine anslag sett til 1,08 milliardar kr. I tillegg til dette kjem straumtilførsel til mange hundre mill. kr.
Indeksreguleres dette etter årleg ferjeindeks og framtidige nye anbod kvart 10. år, ser alle at summen for ferjedrifta vert svært høg, Milliardbeløp meir enn å bygge.

Erfaringane ved Nordmørspakken kan samanliknast med ferjene til Nordøyane pga. farled 3 ferger.

Anbodet som er inngått for Nordmørspakken er 35 mill. kr i årleg auke. Dette vert 1,4 milliardar kr over 40 år. Indeksregulert vert dette fleire milliardar kr i kostnadsauke samla.

Den samme utviklinga får vi garantert på Nordøyvegen.

For å bygge Nordøyvegen til 2,9 milliardar kr, har vi ferjeavløysing årleg på 75 mill. kr. Over 40 år på 3 milliardar. 680 mill. kr i bompengar, 360 mill. kr frå kommunane, 864 mill. kr frå nedlegging av hurtigbåtane, 312 mill. kr frå RDA tilskott frå kommunane, 95 mill. kr frå rentekompensasjon og 15 mill. kr frå IP huse.

Hentar leiaren for Tidens Krav fram «kuleramma» vil dokk, dersom dokk vil sjå det, kjapt oppdage at det som faktisk vil kunne utfordre resten av drifta, faktisk er framtidig ferjedrift og ikkje Nordøyvegen. Berre auken i det nye anbodet på Nordmørspakken, er like høg som alle kutta som fylkesrådmannen legg inn i budsjettet for 2019.

Det er vel ingen på Nordmøre som ikkje ynskjer det nye anbodet på Nordmørspakken med nye ferjer og utvida tilbod velkommen?

Så er det slik at det faktisk var åtte personar som sto bak vedtaket i fylkesutvalget ang. Nordøyvegen, innbefatta gruppeleiarane i Høgre, Frp, Ap, Sp og KrF + Iver Nordseth og MdG.

Men, forsøk gjerne å ta underteikna, det lever eg godt med.

Eg lever også godt med at TK forsøker å «slenge med leppa» ang. Stranda og Strandafjellet-utbygginga.

Det er sikkert eit ukjent begrep for TK, at en faktisk må investere og satse for å kunne hauste avkastning.

Det har vi faktisk gjort i Stranda, der utbygginga på Strandafjellet har blitt ein suksess. Kommunen er i dag fylkets største hyttekommune og næringslivet går så det susar, med ei årleg verdiskaping og inntekter til kommunen frå fjellet på fleire titals mill. kr årleg.

Kommunen gjekk med 19,8 mill. kr i overskot i 2018, og dette kjem pga. eit næringsliv som gjev eventyrlege skatteinntekter og einingar som driv godt.

Ja, hadde eg fått muligheita igjen, så hadde vi bygd igjen, og det høyrer med til historia at både dagens ordførar og eit stort fleirtal i kommunestyret sto bak dette.

Så slutt  å kome med slikt vrøvl og sett dokk litt betre inn i saker, før dokk forsøker å «sparke meg på leggen».

Så er det slik, at dokk tydelegvis enno ikkje har fått med dokk, at dersom prinsippa til fylkesrådmannen med kravet om fleire milliardar kr i ekstra usikkerheit og opphausing av utgifter samt nedskriving av ferjeavløysingsordninga, ja då ER det exit for Todalsfjordkryssinga også.

Leit fram igjen eiga «kuleramme» og forsøk å vise meg korleis dette prosjektet kan realiserast, dersom Nordøyvegsaka ryk?

Så vil eg definitivt ikkje vere i kategorien «sidrumpa nissa» og bake meg ned i negativitet og usikkerheit.

Eg og mitt parti ynskjer å utvikle både næringslivet og fylket vårt, så får vi berre leve med at TK ynskjer å forfekte det stikk motsette.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags