Fylkestinget må sette elevane først!

Av
DEL

LeserbrevFylkesutvalet gjekk 26. november inn for å bygge Nordøyvegen – eit prosjekt med ein totalkostnad på 5,6 milliardar kroner. Om innstillinga vert vedteke av Fylkestinget vil dette ha særs dramatiske konsekvensar for den vidaregåande opplæringa i Møre og Romsdal.

Allereie no er utdanningssektoren i ein pressa økonomisk situasjon, og fleire heilt naudsynte investeringar er satt på vent. Til dømes har fylkespolitikarane tidlegare vedteke bygging av nytt internat og fjøs på min arbeidsplass, Gjermundnes VGS. Grunna investeringsstoppen må landbrukselevane – framtidas bønder – framleis finne seg i å få opplæringa si i ein båsfjøs frå 1970-talet. Rundt om på dei vidaregåande skulane i fylket kan ein finne ei rekke liknande tilfelle av uhaldbare læringsvilkår.

Det er altso i denne situasjonen sentrale fylkespolitikarar gjeng inn for å sette i verk eit samferdselsprosjekt som vil legge beslag på omfattande økonomiske ressursar. Dette er ressursar som skulane definitivt treng for å kunne gje elevane ei god, framtidsretta opplæring. Går Fylkestinget inn for dette, snakkar me om ein årleg reduksjon på 100 millionar kroner for vidaregåande opplæring. Dette i følge fylket sine eigne kalkyler.

Ein kan naturlegvis håpe på å unngå nedlegging av skular, men ei so dramatisk innsparing vil ganske sikkert føre til ei svekking av både omfanget av tilbod og vilkåra for å drive god undervisning. Dette vil igjen kunne føre til at elevar må rekne med å få opplæringa si i overfylte klasserom med særs knappe lærarressursar – om dei då ikkje må ta den planlagde utdanninga i andre fylke.

Kort sagt: Det er grunn til å frykte at sopass dramatiske kutt i midlane til dei vidaregåande skulane i fylket vil kunne føre til at færre elevar fullfører skulegangen. På sikt vil dette ha betydelege negative effektar reint samfunnsøkonomisk – likevel er dette først og fremst eit svik mot elevane og deira rett på relevant og tilpassa opplæring!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags