Det er ferjer som skal bort, ikkje skular

Ja til Nordøyvegen. KrF-politikarar gir tommelen opp for Nordøyvegen framfor Fylkeshusa på Molde i ei pause på rådsmøtet i Møre og Romsdal KrF. Frå venstre Gunnar Hauge og Ole Per Storhaug, Skodje, fylkesleiar Randi W. Frisvoll, Haram, leiar i Nye Ålesund KrF, Åge Vikestrand, Haram, fylkestingsrepresentant Knut Støbakk, Giske, varaordførar Tore Johan Øvstebø og Åse Marie Myren, Ålesund, Arnt-Ove Tenfjord, Haram,  Oddhild Sandøy, Sandøy og Margrete Bjerkvik, Volda.

Ja til Nordøyvegen. KrF-politikarar gir tommelen opp for Nordøyvegen framfor Fylkeshusa på Molde i ei pause på rådsmøtet i Møre og Romsdal KrF. Frå venstre Gunnar Hauge og Ole Per Storhaug, Skodje, fylkesleiar Randi W. Frisvoll, Haram, leiar i Nye Ålesund KrF, Åge Vikestrand, Haram, fylkestingsrepresentant Knut Støbakk, Giske, varaordførar Tore Johan Øvstebø og Åse Marie Myren, Ålesund, Arnt-Ove Tenfjord, Haram,  Oddhild Sandøy, Sandøy og Margrete Bjerkvik, Volda.

Av
DEL

LeserbrevDet er ferjer som skal bort – ikkje vidaregåande skular – når Nordøyvegen kjem i 2023. Kanskje ei ny kontantstraumanalyse som gjer at trua og håpet om Nordøyvegen smittar til heile fylket.

Ein veg som er klarert arkeologisk, som planlegg tunnel for ein hubro, som er påbyrja med fem enorme tunnelpåhogg i landskapet på Haramsøy, Flemsøy/Skuløy, Fjørtoft og Harøy må sjølvsagt realiserast.

Det er gjort eit kreativt mesterverk i lokal økonomireisning etter at anbodet sprengte kostnadsramma i sommar. Nye midlar er løyvde. Ein omkamp om sjølve eksistensen til dette ferjeavløysingssambandet, er unødvendig.

No må finansieringa stå rissa i fjell, med anerkjente Deloitte og våre fremste skulemiljø gjennom Høgskulen i Molde og NTNU som sanningsvitne. Måndag kom endeleg meldinga om at fylkesrådmannen innrømmer ei tabbe som alle andre har sett lenge. No har administrasjonens gode hjelparar Atkins og Oslo Economics også sett lyset, og innrømt feil. Kontantstraumen kan ikkje reknast slik. Dette som såg ut til å vere ein lysbryter som vart slått av, er blitt eit sterkt lys for Ja til Nordøyvegen. Tanken om å bruke ferjeavløysingsmidlar til å finansiere faste vegsamband, seiest å vere fødd i Haram. Første gong den vart brukt i fylket, var ved realiseringa av Imarsundsambandet på Nordmøre. Den gongen var dette nødvendig for at kommunene Tustna og Aure skulle slå seg saman. No er det nye Ålesund med 65.000 innbyggarar og vidare heile regionen som skal bindast saman.

I 1997 sette Fylkestinget i Møre og Romsdal opp Nordøyvegen på 1. plass av fire samband som fylket ville prioritere. Dei tre andre var altså Imarsundsambandet (realisert 2007), Atlanterhavstunnelen (realisert 2009) og Todalsfjordsambandet som skal gje fast samband mellom kommunene Surnadal og Sunndal (ventar på realisering). Dei tre siste er alle på Nordmøre.

Det må igjen og igjen sterkast under at Nordøyvegen si finansiering er tufta på at ferjer og hurtigbåter forsvinn for eit fast samband. Bortfall av ferjer gir auka inntekt til vegen, ikkje pengar til bygging av skular.

Her er innstillinga frå Fylkesutvalet, som på ein enkel måte fortel kvar frå midlane til dette unike tiltaket skal hentast frå.

Vedtak Fylkesutval. Pkt 2. «Som finansiering legg fylkestinget følgjande til grunn (2018-kr):

Tilskott frå kommunane Nye Ålesund, Haram og Sandøy (renter og avdrag over 30 år for lån på 360 mill.): 360 mill. kr

Tilskott frå kommunar v/RDA midlar: 312 mill. kr

Tilskott frå andre (IP Huse): 15 mill. kr

Rentekompensasjonsmidlar: 95 mill. kr

MVA-kompensasjon: 1048 mill. kr

Avvikling av Hurtigbåttilbod, 21,6 mill. kr pr. år i 40 år: 864 mill. kr

Bompengelån jf. prp.,: 516 mill. kr

Auka bompengelån pga. auka takst, tilleggsprp.., min.: 200 mill. kr

Ferjeavløysingsmidlar 75 mill. kr/år: 3.000 mill. kr

Sum finansiering totalt: 6.410 mill. .kr

(Innlegget er skrive før adm. la fram nye tal om kontantstraumen på møtet i samferdselsutvalget onsdag 5. desember.)

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags