Omgjering av jervkvota 2017-2018

Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Av
DEL

Lokale nyheter – 5 kr for 5 uker

LeserbrevRovviltnemnda har uttrykt ønskje om større fridom til å justere kvoter når det er nødvendig. Då vil ein kunne forvalte rovdyra slik at ein kan nå fastsette mål og samtidig unngå dei største skadane for beitebrukarane, er det sagt.

På rovviltnemnda i region 6 (Trøndelag og Møre og Romsdal) sitt møte 31.5.2017 blei det fastsett kvote for jervjakta 2017-2018. På det tidspunktet visste ein om 7 sannsynlege ynglingar og gjekk ut frå at det ville komme nokre til så ein nådde målet på 10. Året før nådde ein målet, og det var det tre ynglingar i område med mål om yngling i Møre og Romsdal, og det blei gitt høve til felling av én jerv i dette området. Kvota for 2017-2018 er like stor.

Naturvernforbundet ønskjer å vere konstruktive når det gjeld rovdyr. Difor tok vi nemnda på ordet då dei sa at det var mogleg å gjere om vedtaket viss det skulle vise seg utover sommaren at det ikkje var så stor ein jervbestand som dei la til grunn. Nemndsmedlem Sve visste elles at det var mykje jerv i Møre og Romsdal, bestanden ligg «skyhøgt over, det er vanvittige tap i Møre og Romsdal», sa han på nemnte møte. Vi veit ikkje heilt kor han har desse opplysningane frå, men nemndsmedlemmer skal vere både vettuge og seriøse.

Det kom ingen klage frå oss. Vi ønskja å gje rovviltnemnda ein sjanse.

Ut over sommaren viste det seg at det blei påvist én yngling i område med mål om yngling i Møre og Romsdal, altså to mindre enn målet. Det var ei yngling utanfor yngleområdet også, og den jervfamilien, tispe med to ungar, blei felt.

No ligg rapporten føre om korleis det står til med jervbestanden basert på ynglingane i 2017. Region 6 har 7 registrerte ynglingar og nådde ikkje målet på 10. På landsbasis er målet 39 ynglingar. Det er påvist 40 ynglingar, stort nærare målet kjem ein ikkje. Men det har vore 10 hiuttak (5 tisper og 16 ungar) dette året, dvs. at ein alt på eit tidleg tidspunkt har tatt ut ein god del av det jaktbare overskotet. Det må føre til tilsvarande mindre jakt, når ein ligg så nær ynglemålet.

Nemnda fastsette kvote ut frå at bestanden er høgare enn det teljingane seier. Ei fleksibel forvalting tilseier at ein no må gjere som det blei sagt på møtet, å stoppe jakta viss bestanden ikkje er så stor som ein trur.

Då står det igjen å sjå om nemnda kan forvalte fleksibelt også når kvota er sett for stor. Reduserer dei ikkje kvota no, kan vi ikkje stole på nemnda sin metode for å forvalte fleksibelt. Då må Naturvernforbundet skrive klager igjen. 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags