Jerv og tiltak

Av
DEL

LeserbrevMøre og Romsdal Bondelag har etterlyst tiltak for å halde jervbestanden under kontroll. Naturvernforbundet etterlyser også tiltak. Men det kan sjå ut som verkelegheita kan sjå litt annleis ut for beitebrukarane enn for oss i Naturvernforbundet.

I vinter er det ikkje felt jerv i Møre og Romsdal. Bondelaget er tydelegvis lite nøgd med dette. Som dei seier: «Då kjem spørsmålet om hiuttak opp i og med at det er dokumentert fleire jerv enn bestandsmålet.»

Kor mange jerv er det dokumentert i Møre og Romsdal? Fastsett ynglemål er tre årlege ynglingar. Det svarar til ein bestand på 20 dyr. I perioden 1.9.2016-1.9.2017 er det registrert DNA-spor av 23 forskjellige jervar i Møre og Romsdal, av desse er 6 dyr no daude. Då har vi ikkje ein bestand som ligg over bestandsmålet. Våren 2017 burde det ha vore tre ynglingar etter storleiken på bestanden. Det blei dokumentert to ynglingar i Møre og Romsdal, av desse blei ei tispe og to ungar avliva. Det er negativ trend bestandsmessig, og blir berre vegd opp til ein viss grad av at det ikkje blei felt jerv i jakta i vinter.

Tidlegare år er det felt eit betydeleg tal med jerv i Møre og Romsdal. Samtidig har ein stadig vekk slitt med å nå ynglemålet, i alle fall innanfor området der det er mål om yngling. Etter 2011 er det berre i 2016 at ein fekk tre ynglingar innan området med mål om yngling. Resten av åra har ein vore under, dels godt under. Det har vore ynglingar i Trollheimen i same perioden, men det har også vore hiuttak der i alt tre tisper og elleve ungar blei avliva. I region 6 (Midt-Noreg) blei det registrert sju ynglingar i 2017, målet er på ti. Gjennomsnittet siste tre år i region 6 er ti. Etter vanlege mål ligg vi ikkje over målet i Møre og Romsdal og heller ikkje i region 6. Nasjonalt nådde ein i 2017 bestandsmålet på 39 ynglingar. Men det må seiast at ein låg berre ei yngling over målet. Når det så var 10 hiuttak, så får ein bestandsutvikling som ikkje ligg over målet i noko fall.

Ei yngling er eit resultat av ein jervbestand. Ein reknar 6,4 jerv bak ei yngling. Når ein skal rekne framover i tid, er det avgjerande om det har vore fellingar eller ikkje. Daude jervar ynglar ikkje, og det blir ikkje noko å jakte på om hausten viss jerven er drepen i hiet alt om våren. Då må ein redusere tilsvarande i lisensjakta.

Rovviltnemnda har ikkje gjort noko dei åra ein ikkje når opp til ynglemålet. Det må vere ein føresetnad at ein arbeidar for å nå ynglemålet også når ein ligg under målet, ikkje berre når ein ligg over. Det finst i grunnen ingen gode verkemiddel for å auke ein jervbestand , utover at ein lar dei vere i fred. Bondelaget vil ha meir effektive verkemiddel for å felle jerv når ein ligg over bestandsmålet. Det har ein gjort i berre eitt av dei siste seks åra, og jakta same året (2016-17) gav fem felte jerv. I tillegg blei altså ei tispe og to ungar avliva i hiet. Det må vere meir enn effektivt nok, sjølv utan hiuttak. 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags