Det måtte kome: Jordbær-virus

Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Av
DEL

LeserbrevSå kom meldinga; jordbær har fått alvorleg virus. Jordbærbladkrøllevirus og gul bladrandsjuke er funnen hos tre jordbærdyrkarar i Sogn og Fjordane, Aust-Agder og Buskerud.

Det måtte kome. Frå 1. januar 2015 har det vore høve til å importere jordbærplanter frå utlandet. Då hadde jordbærdyrkarar masa lenge om å få lov. Når leverandøren i utlandet kan levere sertifikat på at det er trygt, då er det visstnok greitt.

Finst det eit einaste døme i samband med vanleg planteimport at det berre er den eine aktuelle arten som blir levert? Kjem det ikkje alltid med ein del «småkryp» av ulike slag? Med dobbeltsikring ved at importøren sjekkar plantene, så er ein heilt trygg? Er det nokon som har sett importørar gå gjennom alle plantene i ein container? Veit forresten importøren kva han ser etter når han gjer kontrolljobben?

Har vi ikkje lært i andre samanhengar at dyr og planter kan vere smitta av noko utan at det syner før etter nokre veker?

Når det blei gitt løyve til import av jordbærplanter, då visste vi at sjukdomane måtte kome, om vi ikkje hadde kjempeflaks. Kven trur forresten at det berre er tre jordbærdyrkarar som har fått desse virusa i åkeren sin?

Her er det tale om i alle fall delar av ei næring som ville ta nokre snarvegar når det ikkje var tilgang på det ønskja plantematerialet her heime. Makter og mynde seier ofte ja når næringsinteressene står bak, og trua på at internkontroll løyser alt er stor. Jordbærnæringa har seg sjølv å takke.

Men vi andre kan godt lære noko av dette vi også.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags