Større ambisjonar i ruspolitikken?

Av
DEL

Supertilbud: 5 kr for alt innhold på nett i 5 uker

LeserbrevFylkesstyret i Actis, Rusfeltets samarbeidsorgan i M&R, har 7/10 hatt møte og m.a. drøfta resultatet av kommunevalet og eventuelle konsekvensar for ruspolitikken rundt om i kommunane.

  1. Fylkesstyret noterer med glede at i ein del kommunar (m.a. Ålesund) ser det ut til at valresultatet gir uttrykk for ei sterkare oppslutning om ein ansvarleg rusmiddel-politikk, med større vekt på å redusere dei sosiale og helsemessige skadeverknadene ved rusmiddelbruk. I dette ligg også oppslutning om ansvarlege stengetider for skjenkestadene, med seinast kl 02 om nettene. Ungdomspartia til H, V og Frp fekk heldigvis ikkje tilslutning til ønsket om ei liberalisering av opningstidene.
  2. Actis minner også dei nye kommunestyra om krava i Alkohollova (§ 1.7) om den kommunale rusplana som skal utarbeidast. Så vidt vi har registrert, har Aure og Ulstein i 2015 laga oppdaterte rusplanar, som er svært ulike, men likevel nyttige påminningar til administrasjon og politikarar – og lokalsamfunnet – om kva for regelverk som gjeld. Samtidig er det ønskeleg med politiske ambisjonar, og det verkar merkeleg når planen t.d. uttrykker at kommunen ikkje har utfordringar innanfor rusfeltet, når det samtidig blir dokumentert at Ungdata fortel om tidlegare alkoholdebut enn elles i landet, og at barn får alkohol av foreldra sine i større grad enn elles i landet. (Jf Høyringsutkast til Ruspolitisk plan for Aure 2015-2019)
  3. Det er stadig viktige spørsmål å ta stilling til i den lokale ruspolitikken, ikkje berre om talet på sals- og skjenkeløyve og opningstidene, men også kontrollen rundt, med sikte på «å begrense i størst mulig utstrekning de samfunnsmessige og individuelle skader som alkoholbruk kan innebære.»  (Jf. Alkohollova § 1-1)
  4. Det er også grunn til å problematisere den sterke framveksten av heimebryggeri og lokal alkoholproduksjon. I særleg grad gjeld dette fordi media i stor grad synest å gi ukritisk gratisreklame til slik «entreprenørskap». Like eins er det grunn til å ha fokus på festivalkulturen slik han utviklar seg. Det siste halvåret har det t.d. vore store oppslag i media frå festivalane i Rauma og på Giske. Det er synd om dei mange festivalane rundt om i fylket, skal få rykte som påskot og møteplassar for festivalfyll.
  5. Fråvær i arbeidslivet er eit sentralt tema i mange bedrifter og kommunar. Slikt fråvær kostar samfunnet årleg store summar. Det er grunn til å minne om at mykje av dette fråværet er alkoholrelatert. AKAN  (Arbeidslivets kompetansesenter for alkohol og narkotika) viser på sine heimesider til studiar om at omtrent 30 % av korttidsfråværet og 15 % av langtidsfråværet  er alkoholrelatert. Undersøkingar frå Sverige viser at nesten 1/3 av førtidspensjoneringa der skuldast alkoholmisbruk.
  6. Alkohol er det dominerande rusmiddelet. Det er likevel all grunn til å ta på alvor den cannabis-debatten som går, der enkelte personar og parti (m.a. Miljøpartiet Dei Grøne) synest å ønske ei liberalisering. Actis vil sterkt rå ifrå ei slik tilnærming, og viser mellom anna til kronikken til dei to anerkjente rusforskarane Thomas Clausen og Helge Waal: «Etterlyst: En kunnskapsbasert ruspolitikk» (Aftenposten 8/4-2015) 
Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags