Sp i praksis: Ulv i fåreklær

Frank Sve har ikke mye til overs for Senterpartiets distriktspolitikk.

Frank Sve har ikke mye til overs for Senterpartiets distriktspolitikk.

Av
DEL

MeningerSP er som ein «Ulv i fåreklær», forsøker til stadig å vere noko heilt anna enn den dei faktisk er i praksis.

Distriktsparti?

Utad og i kjent stil frå Slagsvold Vedum, forsøker SP å framstå som «distriktspartiet» som skal verne om dei viktige tjenestene til folk flest ute i kommunane.

Kva står SP for i praksis her i Møre og Romsdal?

I valgkampen kunne vi alle lese om Kristin Sørheim som hadde ein «fylkesordførar i magen», og eit SP som ville ha gratis ferjer og kjempe imot innføring av det greinalause Autopass-systemet. Straks valet var over fekk vi alle her i fylket klart og tydeleg sjå kva SP og Kristin Sørheim var i praksis.

Gratis ferjer vart til ferjeprisar som auka med fleire takstsoner og raskast råd snudde SP tvert om og 360 grader rundt og innførte Autopass. Dette betyr at ferjekostnadane til folk flest her i fylket, og i «distrikta» aukar med meir enn 50%, som altså skjer med SP i styringa av fylket, og SP i praksis!

SP skulle aldri leggje ned vidaregåande skular!

I valgkampen var SP sitt viktigaste krav til alle dei partia dei kunne samarbeide med etter valet, at ingen vidaregåande skular skulle leggjast ned. Vidaregåande skular var også eit satsingsområde og spesielt distriktsskulane skulle vernast.

Etter valet gjekk SP rett i forhandlingar med det einaste partiet som åpenlyst ville leggje ned vidaregåande skular, nemleg Høgre. Når dette samarbeidet sprakk, gjekk dei inn i nytt fleirtal, og ilag med KrF, Venstre, SV og AP. I lag med desse partis braut SP sitt viktigaste valgløfte og la ned den vidaregåande skulen i Vannylven.

Som om ikkje det var nok for «distriktspartiet» SP, så kutta dei også 200 mill kr i vidaregåande skular rundt om i distrikta her i fylket, totalt stikk i strid med sine valgløfter.

SP brukar ferjepengane på opera!

For ein del år tilbake solgte Møre og Romsdal fylkeskommune sine aksjar i ferjerederiet Fjord 1. For dette fekk fylket 350 mill kr, som sjølvsagt skulle brukast på ferjer og samferdsel. SP derimot, tek no ut heile 150 mill kr frå desse ferjepengane og brukar dette på Opera i Kristiansund, samt prioriterar kultur med mange titals million kroner til områder som overhode ikkje er fylket sitt ansvarsområde.

Samtidig raserar SP ferjetilbodet med kraftig auke av takstane, med bakgrunn i at dei prioriterar bruken av ferjemidlane til kultur og Opera. Distrikta i heile fylket får altså kraftig lide for SP si «distriktssatsing» der folket og næringslivet i heile fylket som er avhengige av ferjer, må betale galskapen til opera- og finkulturpartiet SP.

SP skuldar sjølvsagt på alle andre!

Etter valet når SP sjølvsagt møtte seg sjølv i døra, klaga dei som vanleg på alle andre enn seg sjølve.

SP har meir enn nok pengar her i fylket med eit budsjett på 5,78 milliard kroner, når dei har råda til å bruke 150 mill kr på Opera.

Dei har også råda til å bruke 30-40 mill kr til kultursatsing på ikkje lovpålagte områder og byutviklingsprosjekt med 25 mill kr, og kan overhode ikkje klage på mangel av midlar.

At dei i tillegg vernar fylkesadministrasjonen og kuttar omlag null komma null her, vitnar om at dette dreiar seg kun om planlagte prioriteringar.

Alle kan no sjå SP i praksis, partiet som forsøker å framstå som distriktspartiet, men som her i fylket framstår som distrikta sin største fiende». I åtte år med SP og raud/grønt styre av fylket, har dei brukt opp alle fonda, prioritert finkultur, opera, administrasjon og mengder av prosjekter på områder som overhode ikkje innbyggjarane har bedt om.

At SP skuldar på staten, er kjend retorikk. Dagens regjering har i mange år gjennomført ein politikk som har ført til tidenes lågaste renter, tidenes høgaste overføringar til fylka, og dette kan sjølv SP ikkje vri seg unna!

At staten skal ta ansvaret for «SP i praksis», er ikkje berre urimeleg, men direkte latterlig!

Når Kristin Sørheim på inn- og utpust ropar på staten om meir pengar, er dette som eit «ekko» av Slagsvold Vedum sin jammersang over det samme.

Alle huskar vi SP i praksis i åtte år i regjering, aldri før har så mange gårdsbruk blitt lagt ned, aldri så mykje dyrkajord avhenda og aldri har det blitt lagt ned så mange sjukehus og fødestuer som med «SP i praksis».

Kven forsøker SP å lure? Kven vil ha til tilbake postkontoret med sine tre dagar og nokre timar pr dag som opningstider. SP vil tilbake til «gamle dagar», men var alt så mykje betre før?

SP lurer ingen her i Møre og Romsdal, og har vist sitt sanne ansikt med sin nedlegging av vidaregåande skular, rasering av distrikta ved hinsides høge ferjeprisar, og kraftige kutt på skuletilbodet for ungdommane våre.

Dette er « SP i praksis».

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags