Reduksjon i kollektivtilbodet Møre og Romsdal

Tillitsvalde innan transportnæringa stiller seg kritiske til kutta i busstilbodet.

Tillitsvalde innan transportnæringa stiller seg kritiske til kutta i busstilbodet.

Av
DEL

LeserbrevFylkeskommunen har gjort vedtak om kutt i kollektivtilbodet i fylket. Ruteproduksjonen skal reduserast med 5,9% pr rutepakke (8 stk) frå 17. august. Eit samla tillitsmannforum stiller seg kritisk til dette.

Vi har opplevd at bodskapen frå fylket har vert at kollektivtrafikken og bussar har vert eit satsingsområde. Innbyggarar har gjennom nye billettprodukt og digitale plattformer blitt oppfordra til å reise kollektivt.

Vi som fagforeningar ønsker eit fylke, der passasjerar nyttar kollektivtilbod som ein naturlig del av kvardagen. Om dette skal bli ein realitet ser vi det som naturlig at tilbodet til buss må styrkast. Samtidig må prising på bussreiser bli slik at bussen blir eit naturlig og økonomisk val.

Bussen skal vere det som knyt utkantar til sentrum med gode tilbod kvardagar og helg.

Å stoppe global oppvarming er ei krevjande utfordring. Transportsektoren er ein av dei store bidragsytarane til utslepp av forureining og uønskt klimapåverknad.

Busstransport er i Norge et prioritert område for satsing på lavutslippsteknologi og fornybart drivstoff. Fylkeskommunane har økonomiske muligheiter å prioritere ikkje-forureinande og miljøvennlige løysingar ved anbodsutlysningar på busstrafikk. Alternativt vil vi stå framfør ei vesentlig auke av personbiltrafikk, fordi kollektivtilbodet ikkje er tilstrekkelig for å frakte passasjerar til og frå sentrale områder.

Vi ser på dei foreslåtte kutta som eit så stort tilbakesteg for kollektivtilbodet at det ikkje kan gjennomførast. Utan eit godt og permanent kollektivtilbod kan ein raskt rekne med to bilar pr bueining.

Busstilbodet må kunne bringe innbyggarar til og frå jobb, institusjonar og anna serviceinnan for ei kjernetid som fangar opp dei fleste behova kvardagar, helg og skulefridagar.

Blir dette gjennomført vil det ramme distrikta ekstra hardt, det tilbudet som er opparbeidd vil bli rasert og det vil ta lang tid å bygge det opp att.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags