Krav om kutt i ferjetakstane

Av
DEL

MeningerEg ber om at det til møtet den 4/3 blir satt på sakslista sak ang. kutt av ferjetakstar i fylkesvegferjedrifta i Møre og Romsdal.

Bakgrunn for dette er at det no er kjent at fylkeskommunen går med eit gedigent overskot i drifta i 2019, med heile 313,5 mill kr.

Enkelte har meint at fylkeskommunen er «sveltefora» av storting og regjering, men desse påstandane fell no sjølvsagt på steingrunn.

Fleire parti i fylkestinget har no vore ute og klart gjeve uttrykk for at dei to takstsonane som fylkeskommunen sitt fleirtal har vedteke auka for ferjedrifta, no må takast vekk.

Senterpartiet snur – vil kutte fergeprisene til sommeren

FrP-vedtak: Fergeprisene skal kuttes og skolekutt skal reverseres

Kontrollutvalget tar opp gransking av fylkets befatning med Møreaksen

Midlane fylket får overført frå staten, må sjølvsagt brukast til det beste for innbyggjarane og næringslivet.

Vi kan ikkje akseptere at reisande må bruke like mykje pengar på ferjebilettar som på sitt huslån, samtidig som fylket framfører gigantoverskot i drifta.

Også fleire stortingsrepresentantar har vore klare på at fylket må kutte i ferjetakstane, også leiaren av Transportkomiteen.

Samferdselsutvalget som fagutvalg må kome med si innstilling til denne saka, som då igjen kan behandlast i fylkestinget i april. Dette i samband med disponeringa av midlane frå overskotet i drifta i 2019.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags