Kraftkommunar og skatteinntekter

Av
DEL

LeserbrevDet går ein debatt om skattelegging av kraftverk. I årevis har kommunar med mykje kraftutbygging fått hyggelege bidrag i kommunekassa. Oppgjer for ulemper etter kraftutbygging. Det har det blitt kulturhus og mykje anna av.

Kraftprodusentane har vel i grunnen fått sitt dei også. Det har i alle fall vore langvarig praksis for at svært mange kommunepolitikarar meir enn gjerne har røysta for nye utbyggingssøknader.

Kommunane har fått oppgjer for ulemper. Den som verkeleg har hatt ulemper er naturen, og den har fått fint lite. Her er det altså tre partar i eit deleprosjekt og to av partane fordelar goda seg i mellom, den tredje parten får ingenting. Slik kan det ikkje vere.

Det er på tide at naturen også får sine rettmessige oppgjer. Det er rett at kommunen får eit oppgjer for ulemper, men det må reduserast såpass at kommunepolitikarar føler dei har eit val og kan seie nei til ei utbygging. Samtidig må skattlegginga vere såpass at kraftutbyggarane i det minste føler på at dei betalar noko for å hauste av naturen på denne måten.

Korleis kan så naturen få sitt oppgjer? Kommunar som får slike inntekter av eit visst omfang er sjølvskrivne til å ha ein miljøverntilsett eller to. Desse bør få jobbe med alle saker som vedkjem miljøet, slik at kommunane kan spare anna natur på ein god måte. Og det bør vere pengar til å restaurere etter gamle synder.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags