Kor lenge kan vi vere verdsleiande i 40 kilometer i timen?

Denne illustrasjonen av næringsstrukturen i Møre og Romsdal, viser ei perlerad, «ei verdikjede» langs fylket av nasjonale tyngdepunkt innan fleire næringar. Mange av desse er også verdsleiande. Møre og Romsdal er det andre største industrifylket i landet. Vi betaler store delar av velferdssamfunnet. Skal vi halde fram med det, må fjordane overvinnast og idear, folk og næring knytast nærare saman.

Denne illustrasjonen av næringsstrukturen i Møre og Romsdal, viser ei perlerad, «ei verdikjede» langs fylket av nasjonale tyngdepunkt innan fleire næringar. Mange av desse er også verdsleiande. Møre og Romsdal er det andre største industrifylket i landet. Vi betaler store delar av velferdssamfunnet. Skal vi halde fram med det, må fjordane overvinnast og idear, folk og næring knytast nærare saman. Foto:

Av
DEL

Gå høsten i møte - KUN 88 kr for 8 uker med papiravisa og alt innhold på nett

LeserbrevKvar fjord er ein barriere for vidare vekst og verdiskaping. Skal vi bygge framtida, må vi bygge samband. Vi har ikkje noko val.

Det er søndag kveld og eg har vore heime i Åsen i Vanylven i helga. Molde og ei ny arbeidsveke ventar. Det er seksten mil å køyre. Eg burde kunne berekne knappe tre timar på vegen. Det kan eg slett ikkje. Det går nesten fire. Om eg er heldig og når ferjene. Eg køyrer gjennom eit av dei mest verdiskapande distrikta i landet – i ei snittfart på 40 kilometer i timen!

Folk i Møre og Romsdal har samla mange trøysteslause timar ventande på ferjer. Eg har gjort unna min del av ferjeventing pendlande mellom Vanylven lengst sør i fylket og Molde – og på utallige tenestereiser.  

Møre og Romsdal treng ein ferjefri hovudveg frå nord til sør, ein veg som bitt saman byane våre. Ikkje fordi at eg skal få kortare reisetid. Men eg har erfart og ser korleis ferjestrekningane set ein stoppar for samspel og samarbeid.

På veg gjennom fylket køyrer eg gjennom verdas fremste maritime klynge og industri av det aller ypperste, og så skal dei måtte «konkurrere i  40 kilometer i timen»...? Det er ikkje berekraftig og det er ikkje muleg å halde fram i verdskonkurransen i  40 – og så måtte betale for ferja i tillegg. Det går ikkje an!

Møre og Romsdal er ikkje av dei største når det gjeld tal på innbyggarar, men vi er likevel nummer to i landet når det gjeld fastlandseksport. Vi har ein stor del av industriproduksjonen i Norge og finansierer ein veldig stor del av velferdsstaten, men kor lenge greier vi det med dagens vegar?

Binde saman og bygge fylket

Ferjefri E39 er langt meir enn reduserte transportkostnader.

Nokre seier at Ferjefri E39 skal gi kortare veg, men prosjektet har aldri vore tenkt gjennomført som den kortaste vegen mellom Kristiansand og Trondheim. Det er berre å sjå på kartet. Den kortaste vegen mellom Kristiansand og Trondheim er E6. Poenget med Ferjefri E39 er å hegne om og auke verdiskapinga på Vestlandet.

Med ferjefri E39 vil vi binde saman byar, folk og kunnskap. Vi vil binde saman større bu- og arbeidsmarknadsregionar. Vi vil kunne bygge og vidareutvikle fylket.  

Fylkestinget har peikt på behovet for ein ferjefri akse gjennom fylket vårt. No må stortingspolitikarane følgje opp når ny Nasjonal transportplan for perioden 2018-2029 skal vedtakast. Det er viktig at det no vert satsa med nok pengar til planlegging og teknologiutvikling – og bygging. Og at ein kjem i gang raskt.

Ringverknader

Ferjefri E39 er eit svært stort økonomisk løft. Men det er ikkje behov for firefelts motorveg langs heile strekninga med det første. Behovet er å krysse fjordane. Det er det som gir størst gevinst.

Og då må stortingspolitikarane sjå på meir enn reisetid og tradisjonell samfunnsnytte. Å få døgnopne samband, sleppe ventetid og nedetid, vil rett nok ha stor nytte i seg sjølv. Men det er berre ein del av gevinsten med fast samband over fjorden.

Eg har sagt at med ferjefri E39 gjennom Møre og Romsdal vil vi få eit intercity-tilbod på gummihjul. Når reisetida vert kortare og ein slepp ulempene med ferjene, så opnar ein for meir samarbeid og meir utvikling.

BI-professorane Amir Sasson og Torger Reve har rekna på kva effekt ferjefrie samband langs E39 vil ha. Dei peiker på samband som vil gi over 100.000 kroner i auka verdiskaping per arbeidstakar når næringslivsklynger som i dag er skilde av ein fjord vert kopla saman.

I Møre og Romsdal ser vi også at fjorden ligg som eit stengsel mellom næringssterke område og høgskular. Tettare samband mellom realkompetansen i bedriftene og formalkompetansen i dei akademiske miljøa vil opne nye mulegheiter. 

Bygge band mellom folk og behalde folk

Og sist, men ikkje minst, så vil Ferjefri E39 vere viktig for å demme opp for dei store flyttestraumane ut av fylket.

Som fylkesordførar er det trist å sjå at vi mister så mange av dei unge. Og i hovudsak er det unge kvinner med høg utdanning. Vi set umåteleg pris på maritim og marin aktivitet i fylket vårt, men baksida av maritim-klynge-medaljen er det enkelte kallar testosteronkysten og andre forgubbing. Fylkesstatistikken viser at det dei siste fem åra har Møre og Romsdal hatt ein negativ innanlands flyttestraum på nesten 5000 unge mellom 20 og 29 år. Dei kjem igjen når dei stiftar familie, seier du? Til ei viss grad, men langt frå nok. Medan vi gjekk i minus med nesten 5000 unge mellom 20 og 29 år, gjekk vi i pluss med berre 393 mellom 30 og 39 år.

Vi må bygge arbeids- og buregionar som er store og kraftige nok til at vi kan tilby interessante arbeidsplassar for begge dei vaksne i ein familie. Vi må bygge tettare band mellom fleire bedrifter. I rein geografisk forstand, at det blir kortare køyretid, men også i mental forstand. Det blir tettare band mellom bedrifter og folk, det blir konkurranse, utveksling og utvikling. Dynamikken aukar når  reisetida minkar.

Fjordkryssingane vil gjere at folk får eit større område å velje i når dei bestemme seg for kvar dei skal bu, kvar dei skal arbeide og kva kultur- og naturattraksjonar dei skal ta i bruk og glede seg over.

Vi forventar no at stortingspolitikarane i møte med ny Nasjonal Transportplan vil ha mot og vilje til å bygge landet. At dei steg for steg og fjord for fjord opphevar det som stenger for utvikling og auka verdiskaping. Og at dei steg for steg tek dei sambanda som gir mest effekt. Ferjefri E39 langs Vestlandet kan ikkje byggast sørfrå og nordover.

I Møre og Romsdal ventar prosjekt som vil gi stor gevinst. Nye tal og undersøkingar viser – igjen -  at sjølv med konservative anslag for meirverdi, eller ringverknader utover tradisjonell transportnytte, så er den på mange, mange milliardar kroner.

Vi har ikkje noko val

Det er fredag ettermiddag og eg er på veg frå Molde og heim til Åsen. Ferja gjekk. Utan meg. Yrkessjåføren i vogntoget veit kva det kostar både arbeidsgivaren og kunden, men kan ikkje gjere noko med det og tek seg ein lur. Den unge mannen i bilen ved sidan av meg pratar i mobilen. Gir han beskjed til SFO om at han blir for sein? Meldar heim om at han blir for sein? Igjen. Det er vanskeleg å ha jobb «på hi sida».

Litt lenger framme i køa ser eg ein av våre dyktige næringslivsleiarar. Når neste ferje endeleg kjem, kjem vi i prat. Ho har vore på eit særs nyttig møte med høgskulesystemet. Tenk, kva vi kunne fått til hadde vi hatt kvarandre litt nærare, seier ho.

Svela smaker ikkje like godt lenger. Ho kan ikkje sukre det sure faktum at eg kryssar fjorden med gårsdagens løysing. Vi skal bygge framtida, og då må vi bygge samband over fjordane. Vi har ikkje noko val.

Les saker fra din kommune

Her har vi samlet nyheter fra kommunene på Nordmøre:

Kristiansund, Aure, Averøy, Eide, Halsa, Gjemnes, Tingvoll, Smøla, Sunndal, Surnadal, Rindal.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags