Fortsatt ferjer eller Romsdalsaksen?

Av
DEL

MeningerNye veier AS har fått eit godt utgangspunkt for vidare og grundigare utgreiing av Romsdalsaksen, etter rapporten frå STVV.

Statens vegvesen har lagt fram sin «lynrapport» der ein på svært kort tid har produsert fram ein rapport for alternative kryssingar av Romsdalsfjorden. Dei fleste forstå at dette er ei grov utgreiing, som dersom ein skal kunne samanlikne dette med Møreaksen sjølvsagt må kunne utgreiast vidare.

Når ein no ser at Romsdalsaksen og Møreaksen sansynlegvis vert omlag i same området kostnadsmessig, vil eg tru at når Nye Veier AS får setje igang med sitt planarbeide til neste år, så får vi nok heilt andre tall og alternative løysingar derifrå.

Nye veier AS bygger smartare, billigare og brukar moderne og fremoverlente metoder for sin vegbygging, som har gjeve store positive resultat i alle prosjekta dei har gjennomført.

Det store spørsmålet vi står igjen med ang kryssing av Romsdalsfjorden, er om det reelt sett vert bygd nokon av dei to aksjane, pga dei enormt store kostnadane sett opp mot fortsatt ferjedrift og med 15 min avgangar.

Nye Veiar AS bygg garantert nye og framtidsretta vegar «mellom fjordane» fyrst.

Rimeleg greinalaust å byggje firefelts motorveg under fjorden, for så å køyre denne trafikken gjennom Vestnes og mot Tomrefjorden gjennom tettbygde strøk. Ny E-39 gjennom tettbygde strøk kjem absolutt aldri til å kunne bli realisert, verken sør eller nord om Romsdalsfjorden. Såleis skal vi ikkje kritisere STVV for rapporten som er lagt fram, men berre konstatere at her var det mykje å ta fatt i.

«Lynarbeidet» av ein rapport er berre begynnelsen for å kunne få fram reelle og samanliknbare vurderingar av Romsdalsaksen kontra Møreaksen. Møreaksen er då også overhode ikkje klarlagt verken planmessig eller ang kostnadar.

Jamf. manglande planar og reelle kostnadsanslag både sør og nord om fjorden, med enorme tunnelsystem forbi Molde, gjer at kostnadane også i dette alternativet sannsynleg vert minst 40% dyrare ved ein eventuell byggjestart».

Mykje tydar faktisk på at det store fleirtalet her i fylket vårt, som vil ha fortsatt ferjer med nullutslipp og hyppige avgangar, muligens vert vinnarane i framtida.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags