Gjemnes SV: – Nei til giftdeponi

Av
DEL

MeningerVi seier nei til eit nasjonalt giftdeponi i vårt nabolag Raudsand!

Debatten om giftdeponiplanane på Raudsand har no gått lenge i kommunane rundt Tingvoll-/Sunndalsfjorden. Gjemnes Sosialistisk Venstreparti tok opp saka i kommunestyret allereie våren 2017. Eit stort fleirtal i Gjemnes støtta ein uttale der kommunestyret ba regjeringa stoppe planane om å lagre farleg uorganisk industriavfall på Raudsand. Seinare slutta kommunestyret seg til ein fellesuttale frå kommunane rundt fjorden mot innhaldet i ny reguleringsplan for Raudsand og giftdeponiet.

Frå nyttår er Raudsand ein del av Molde kommune. Og reguleringsplanen som Nesset vedtok i 2019, skal no behandlast i nykommunen. Fagleg sett er det lite som har endra seg, geografi og topografi er det same. Vi kan håpe på fleirtal mot planane i nytt Molde kommunestyre.

Raudsand er lite eigna for eit nasjonalt deponi for farleg avfall. Dette er eit høgrisikoprosjekt på grunn av geologi, dårleg fjellkvalitet, og lange transportvegar til sjøs og til lands.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags