Ja til nynorsk i Tidens Krav

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserbrevDet har vore kjekt å sjå at regionavisa vår har skaffa seg ein journalist som ønsker å bruke nynorsk som hovudspråk i arbeidet sitt – og at avisa har lagt til rette for det. Med det dialekt- og talespråksgrunnlaget som er på Nordmøre, burde det vere sjølvsagt at ein god del av stoffet i avisa er på nynorsk.

Og at den sunnmøringen som har stått for mesteparten av den redaksjonelle nynorskskrivinga, har blikk for godt og aktuelt stoff, er lett å sjå.

Men samtidig kunne det vore ønskeleg om «Rettepennen i Tidens Krav» som Dordi Skuggevik tidlegare har skrive om (jf TK 19/7-18) hadde hjelpt til med å sikre at den nynorske rettskrivinga vart så nokonlunde korrekt. Det er ikkje kvalitetssikra skriving å hevde t.d. at «Mange reisar til messe» eller «Vi har starta eit prosjekt i samarbeid med havnar i Trøndelag i det siste, så det er ei god anledning til å møte restan av bransjen». (TK 14/8).

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags