Våre minste fortener det beste – også når det gjeld mat

Av
DEL

LeserbrevMåltid er meir enn berre mat, det er glede, fellesskap, kultur og læring. Det er medverknad der barn lærer ved å delta i førebuing av måltid. Det er sosial kompetanse som vert utvikla gjennom samtale rundt bordet og reglar som vert forhandla fram, sansar som vert stimulert, nye smakar, nye lukter og nytt som vert prøvd. Mat og måltid er ei etisk oppleving. Det å ete saman er den eldste, mest naturlege og inkluderande arena vi har.

Vi er ikkje fødd med evna til å ete mat, det er ei utvikling som krev modning, læring og erfaring. Vi er fødd med sugerefleks, men det å ete og tygge mat må lærast. Difor er det så viktig at små barn får nytte alle sansar når dei vert introdusert for nye matvarer. Dei må kjenne på konsistensen med hendene og fingrane, dei må smake og lukte, og dei må få prøve mange gonger. Dei må erfare at ulike matvarer krev ulik teknikk for at dei skal kunne tygge, elte og svelge.

«Bente 6 år og Gustav 4 år set ved eit bord saman med ein vaksen. Dei kuttar grønsaker i små bitar til dagens middag.

G: Ej klare sjøl…..

V: Ja, dette får du til.

Barna smaker på sellerirot. Lager grimaser

V: Sterkt eller… ?

B: Godt!

V: Smakte det godt?

G: Nei, det svir på tunga. Æsj

B: Ej synes det smakte godt. Jaaaa, faktisk kjempegodt.

V: Hmmm er ikkje det rart da? Du synes det er kjempegodt, men han synes det svir på tunga. Kvifor er det slik skal tru?

B: Fordi ej snart e 6 år?

V: Korleis då, tenke du?

B: Tunga og tennene mine har smakt på mykje meir enn han som berre e 4».

Ny forsking viser at måltid med mykje lyd og høglytte samtaler er betre for barnehagebarna enn stille måltid. Måltid med god kvalitet ber preg av engasjerte, aktive vaksne som snakkar, smakar, luktar og undrar seg saman med barna over maten som vert eten ved bordet. Den lokale maten gir oss stoltheit og identitet – og er ein viktig del av kulturen vår. Lokalmat kan vere med på å skape nye aktivitetar og smaksopplevingar også for dei yngste.

Alle barnehagar bør tilby frukt og grønsaker eller bær kvar dag. Det bør vere eit mål at barna et minst tre av «fem om dagen» av frukt og grønsaker/bær i løpet av barnehagekvardagen. Tilgjengelegheit er ved sida av variasjon og gjentaking den viktigaste faktoren for å få barn til å ete meir frukt og grønt. Her kan barnehagen spele ei viktig rolle i det å få inn gode vanar tidleg. Ein kan tilverke og nyttiggjere seg av lokale matressursar og på den måten støtte opp om lokale produsentar.

Rammeplan for barnehagar har sju ulike fagområde, to av desse kan knytast til mat og måltid. Det er fagområdet natur, miljø og teknologi der ein kan få innsikt i matproduksjon, slik som kortreist og lokalprodusert mat. Og så har vi fagområdet kropp, rørsle, mat og helse der det handlar om å legge til rette for etablering av sunne matvanar og handlingsmønster alt frå barnehagealderen av. Gode vanar som ein tileignar seg i barnehagealder kan vare livet ut. Gjennom medverknad i mat og måltidsaktivitetar skal barna motiverast til å ete sunn mat og få ei grunnleggande forståing for korleis sunn mat kan bidra til god helse.

Mat og måltid er også ein god arena for å skape interesse for samfunnets mangfald og forståing for andre menneske sitt liv og levesett. Måltida kan fungere som arena for å ivareta det enkelte barns identitet og utvikle kulturell kompetanse og interesse for andre matkulturar.

Nye reviderte nasjonale retningslinjer for mat og måltid er på veg ut til barnehagane. Den nye rammeplanen gjer det aktuelt å sette fokus på korleis barnehagane handterer måltida og kva slags mat dei serverer. Eit oppdatert fagområde er Kropp, rørsle, mat og helse. Gode vanar som vert lagt tidleg kan vare livet ut, også matvanar. Barnehagane skal legge til rette for matglede. Barns medverknad vert trekt fram som ein viktig faktor for motivasjon for å ete sunn mat og for å få grunnleggjande forståing for at mat og helse heng saman.

Nye tema i den reviderte versjonen av Mat og måltid i barnehagen er, matallergi og matintoleranse, berekraft og miljøvennleg praksis, og at sosiale rammer for måltid skal ivaretakast i større grad enn tidlegare.

Fylkesmannen samarbeider på tvers av fag og etatar for utsette barn og unge og familiane deira gjennom satsinga «Betre oppvekst». Helsedirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet og Utdanningsdirektoratet samarbeider om betre koordinerte tenester for utsette barn og unge under 24 år. Dette blir kalla 0-24-samarbeidet.

Gjennom samarbeidet vil vi bidra til at alle barn og unge får den støtte og hjelp dei har behov for slik at dei kan meistre eige liv. Derfor skal 0–24-samarbeidet legge til rette for betre samarbeid mellom tenester og meir heilskapleg innsats for utsette barn og unge under 24 år og deira familiar. Stat og kommune skal samarbeide betre om tiltak for at fleire skal lukkast i skulen og fullføre vidaregåande opplæring, som grunnlag for varig tilknyting til arbeidslivet.

Fylkesmannen si satsing «Betre oppvekst» har fire strategimål. Desse bygger på mellom anna FN sin barnekonvensjon, Fylkesmannen i Møre og Romsdal sin strategiplan, embetsoppdraget og nasjonale føringar frå fleire departement. Dei fire måla er:

• sikre medverknad

• betre det fysiske oppvekstmiljøet

• betre det psykososiale oppvekstmiljøet

• redusere dei negative konsekvensane av sosiale skilnader

Denne hausten rettar vi eit spesielt fokus på mat og måltid i barnehagen. Barnehagen har ein viktig funksjon som arena for tidleg og grunnleggande læring. Difor er det også bra at dei tilsette i barnehagen er motiverte for å medverke til trivelege måltid og god, sunn og kortreist mat.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags