Nordmørslitteratur og tannpine

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeserbrevDet sette ein ekstra spiss på slektstreffet mitt i Oslo i tilknytning til Operajubileet å få ettersendt både ei e-posthelsing (13/4) pluss avisinnlegg frå Dordi Skuggevik med antydningar om at eg, Gunnvald Bøe og Styrkår Brørs har lagt kjeppar i hjula for å hindre at boka hennar om «Tante Borg» skulle bli spesielt omtala på Senioruniversitetet sin presentasjon av Nordmørslitteratur nyleg.

Eigentleg burde vi vel berre vere glade for at Dordi Skuggevik fann tid innimellom alle dei nøkterne og kvalitetssikra avisinnlegga sine til både å delta på møte i Senioruniversitetet, og til å prøve å overta programmet under møtet. Så må vi sjølvsagt akseptere at ho ikkje fekk med seg alt på møtet av det vi sa, både om dei utvalskriteria vi hadde lagt til grunn, om den lange lista av forfattarar vi ikkje hadde funne plass til innanfor ei times-ramme, og at ho heller ikkje hadde fått med seg kva eg sa om hovudfagsstudiet mitt i norsk. Elles vissste vi jo under planlegginga av møtet at Dordi Skuggevik alt hadde deltatt både på Sjøbruksmuseet og i Heimbygdlaget med eige program om «det store nyhendet her på traktene» og at det såleis slett ikkje var «usynliggjort» (som ho skriv!)

I tillegg må eg jo personleg som norskfilolog stille meg undrande til enkelte av dei kriteria den velutdanna Dordi Skuggevik synest å tru er sentrale i vurdering av litteratur, om vi har vurdert om forfattaren kjem frå ein fattig eller rik heim, eller om han eller ho er nok smålåten? Ho som elles synest nokså elitistisk i enkelte av kulturvurderingane sine, bør jo m.a. vite at populærlitteratur eller triviallitteratur ikkje utan vidare er god litteratur, og at t.d. legeromanar ikkje er nokon kvalitetssikker veg til informasjon om legeyrket, eller Sverre Årnes og Anne Lise Boge ikkje gir sikker kunnskap om Nordmøre, sjølv om både forfattarar og forlag kan gje interessant informasjon og ikkje minst tjene gode pengar. Så Dordi Skuggevik må sjølvsagt gjerne halde fram med marknadsføring av Sverre Årnes sine bøker!

Dordi Skuggevik antydar at det var «hol i tanngarden» i presentasjonen av Nordmørslitteratur. Både på førehand og under møtet var vi klar over at vi gjerne kunne hatt meir tid og fleire møte til presentasjon av Nordmørslitteraturen. Vi ønsker jo ikkje at Dordi Skuggevik skal få alt for mykje tannpine etter møta!

Les også: Nordmørslitteratur med hol i tanngarden

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags