Bokbåten Epos

Bokbåten Epos.

Bokbåten Epos.

Av
DEL

LeserbrevOpe brev til Møre og Romsdal fylkeskommune om sakshandsaminga knytt til bokbåten Epos.

Mobilis, Norsk Bibliotekforening si spesialgruppe for mobil bibliotekverksemd, stiller seg undrande til delar av saksframlegga knytt til bokbåten Epos i Møre og Romsdal. Dette brevet er sendt til Møre og Romsdal fylkeskommune, ved fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik og fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen, der vi ber om svar på spørsmål.   

Spørsmål 1:

Eit skriv som har vore sterkt førande for korleis båten har vore drifta hausten 2018 og våren 2019 er «Notat knytt til HMS på bokbåten Epos», datert 23. mai 2018 og underskrive av verneombod Inger Lise Aarseth. Dette notatet har ført til at tilsette ved fylkeskommunen i Møre og Romsdal ikkje har hatt høve til å bu om bord i båten. Det har gjentekne gongar vore vist til notatet, men aldri kva av innhaldet i notatet som fører til at overnatting om bord ikkje er aktuelt. Vi ber om svar på kva konkrete tilhøve nemnde i notatet som har ført til denne avgjersla?

Spørsmål 2:

Bokbåtsaka vert lagt fram stykkevis og delt for Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal. Det er vanskeleg å halde tråden i saksframlegga, ikkje alltid lett å forstå samanhengen, eller enkelt å forstå kvifor tilhøve knytt til bokbåten vert lagt fram på denne måten. I møte 24. oktober vert det lagt fram to saker som begge har stor betydning for drifta av bokbåten.

«Bok og litteraturformidling i Møre og Romsdal» er den eine saka der det står i saksframlegget at ved «å omfordele midlar til bokbåttenesta, vil også frigjere personalressursar som ein kan bruke til å forvalte ei slik ordning». Ordninga det vert vist til er ei abonnementsordning for litteraturformidling i kommunane i Møre og Romsdal. Er det gjort vedtak om å fjerne midlar frå kulturformidling på bokbåten Epos til denne abonnementssatsinga?

Spørsmål 3:

Den andre saka på dette møtet er «Bokbåttenesta som visningsarena for Den kulturelle skulesekken i Møre og Romsdal». Her er bokbåten vurdert som arena for scenekunst, musikk og film. Litteratur – som ville vere eit naturleg kunstuttrykk i eit bibliotek – er ikkje med. Det ser ut som midlar til litteraturformidling på bokbåten forsvann i førre sak.

Saksframlegget om bokbåten som visningsarena konkluderer med at båten ikkje kan brukast som visningsarena grunna økonomi, og at produksjonar knytt til turné på bokbåten vil auke kostnadane ytterlegare, og føre til færre DKS-tilbod per år per elev. Vidare er skisserte krav til båten som visningsarena at det krevjast ein katamaran til 100 millionar kroner for å kunne fungere som visningsarena for DKS-produksjonar.

Hordaland fylke samarbeider med DKS om produksjonar på bokbåten. Dagshonorar for kulturutøvarar i Den kulturelle skulesekken er 4.500 kroner. For Hordaland sitt vedkomande, der båten er ute i 21 dagar, vil det seie 190.000 kroner for ein kulturarbeidar i året. Dersom vi har med to kulturutøvarar er dette 380.000 kroner. Det kan ikkje vere fleire enn to kulturutøvarar på reise med båten. Forpleiing om bord for to utøvarar kostar årleg 23.500 kroner. Altså er utlegga i Hordaland i overkant av 402.500 kroner for to kulturutøvarar, eller i overkant av 223.500 kroner dersom det er ein kultutøvar for kulturprogram på båten. I tillegg kjem reise til og frå bustad og påmønstringsplass. Dette er tal som kan variere, men reisekostnadane ligg nok ein stad mellom 10.000 kroner og 20.000 kroner årleg.

I 2018 brukte Møre og Romsdal 185.000 kroner til kulturprogram til på bokbåten, dette i følgje tal lagt fram i saka kalla  «Gjennomgang av Hordalandsmodellen – drift av bokbåttenesta», utanfor Den kulturelle skulesekken. Til samanlikning brukte Hordaland 270.000 kroner i 2018, dette i eit samarbeid med DKS. I saka «Bokbåttenesta som visningsarena for Den kulturelle skulesekken i Møre og Romsdal»  er kulturprogram i samarbeid med Den Kulturelle skulesekken kostnadsrekna til 1.100.000 kroner.

Korleis vert den store skilnaden mellom Møre og Romsdal og Hordaland som arena for DKS forklart? Korleis kan  kostnadane gå frå 185.000 kroner til 1,1 millionar kroner i Møre og Romsdal?

Spørsmål 4:

Dette gjeld spørsmål knytt til saka «Gjennomgang av Hordalandsmodellen – drift av bokbåttenesta», handsama i Kultur- og helseutvalet 6. mars 2019. Kvifor er ikkje tilbodet frå enkelte biblioteksjefar i Møre og Romsdal om å bemanne båten dei dagane båten er i deira kommune med i saksframlegget? Det er ein vesentleg skilnad mellom Hordalandsmodellen og Møre og Romsdalsmodellen som ikkje kjem tydeleg fram. I Møre og Romsdal er personalkostnadene mykje høgare enn i Hordaland.

Spørsmål 5:

I Romsdals Budstikke 16. februar 2019 seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen: «... pr. tur bruker vi 22.000 kroner på at bibliotekarene bor i land, mens det koster 27.000 kroner hvis de skal overnatte på bokbåten».

Det vert betalt 280 kroner eks. mva for forpleining per person om bord i båten per dag. Dette vert framleis betalt i Møre og Romsdal fordi personalet har måltid om bord i båten. I tillegg kjem 10-12 hotellovernattingar for ein til to personar, og drosje til og frå hotell/båt. Korleis er det mogleg at kostnader til at personalet bur på land vert 22.000 kroner medan kostnadane om bord vert 27.000 kroner?

Vidar Kursetgjerde har sett spørsmålsteikn ved same utrekning i Romsdals Budstikke laurdag 23. februar. Han har ikkje fått svar sine spørsmål, vi etterspør difor dokumentasjon på at reknestykket til fylkeskultursjefen er rett.

Spørsmål 6:

Det vart gjort vedtak i Kultur- og helseutvalet 16. mai 2018 om at bokbåttenesta skulle vere i drift eitt år til. Då dette vedtaket vart fatta, var båten i drift i 23 dagar kvart halvår. Meiner administrasjonen at bokbåten dei to siste turane har vore drifta på ein føremålstenleg måte eller i tråd med vedtaket frå 16. mai 2018? Er brukarane av bokbåttenesta førespurt om det reduserte tilbodet hausten 2018 og våren 2019?

Vi ser fram til svar.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags